Hopp til hovedinnhold
Bestill

Leirvik fyr er ein unik og idyllisk overnattingsstad.

Leirvik fyr ligg på øya Midtøya i skjergarden utanfor Leirvik. Fyrstasjonen har overnattingsplass til 8 personar, og alt som du treng av fasilitetar.

Ein kort båttur på 10-12 minuttar frå Leirvik sentrum tek deg over til ein god og skjerma kai på vestsida av øya.

På Midtøya kan du bada, gå ein tur rundt øya eller fiska. Frå øya har du eit perfekt utgangspunkt til å besøka Sunnhordlandsområdet med båt. Her er du ein kort tur frå det meste, og i Leirvik sentrum finn du kaféar, aktivitetar, daglegvarer og restaurantar.

Overnatting bestiller du enkelt via Stord kommune som eig fyrstasjonen og driftar den saman med det frivillige Venelaget for Leirvik fyr. Om du ikkje har eigen båt, så kan du leiga båt i helger og i juli månad, då får du òg gratis parkering for bilen ved hamna i Leirvik.

Sjå nettsida til Stord kommune for meir informasjon om utleige.

Velkommen til ferieidyll på Midtøya!

SESONGEN 2024 (frå 15. april til 15. oktober)

  • 1 døgn (frå 12:00, utsjekk 11:00 neste dag):
    Inntil 2 personar: kr. 1500,-
    Per ekstra person: kr. 150,-
    Barn u. 18 år: gratis
    Merk: Helg er ikkje tilgjengeleg for døgnleige
  • 1 helg (frå fredag 14:00, utsjekk sundag 19:00):
    Inntil 2 personar: kr. 2800,-
    Per ekstra person: kr. 300,-
    Barn u. 18 år: gratis
  • 1 veke (frå måndag 12:00 til sundag 19:00):
    Inntil 2 personar: kr. 8.000,-
    Per ekstra person: kr. 500,-
  • NB! Klokkesletta ovanfor gjeld henting og levering av nøklar.

Kontakt

Adresse:
  • Midtøya
  • 5403 Stord
Telefon:
+47 53 49 69 50
E-post:
kulturtenester@stord.kommune.no
Nettside:
www.stord.kommune.no/leirvik-fyrstasjon.463190.nn.html

Fasiliteter

Sesong:
  • Sommer
  • Vår
  • Høst
Bad:
Utendørs fasiliteter:
Parkering:
Kjøkken:
Tillat med kjæledyr:
Unik overnatting:

Hvor er Leirvik Fyr?