Hopp til hovedinnhold

På Skahjem Gard har du turmoglegheiter berre eit steinkast unna, det er berre ein kort køyretur til Flåm og du syklar til Aurland sentrum på 10 min.

Garden har ei lang historie med gardsdrift allereie tilbake på 1500-talet. Det er funne historiske minne frå eldre jernalder og vikingtida, som viser at det har vore busetnad her i lang tid.

Opp gjennom tida har garden utvikla seg og i dag fokuserer me på å gje gjestene våre ein god plass å slappe av og senke skuldrane. Me er nært til alt Aurland har å by på. til dømes ein magisk togtur opp Flåmsdalen før ein sykler ned dalen og endar opp på Ægir bryggeri, eller om du har planar om å gå vakre Aurlandsdalen eller kjøpe Aurlandsko!

Skahjem Gard har 7 leiligheiter med eige bad og minikjøkken, og 4 av desse har tilgang til terrasse. Uansett kva rom du bur på kan du nyte roen i vår store og gode hage. Her kan du ete både frukost og middag, leike med leikene me låner ut eller berre sitje og slappe av.

I resepsjonen har me i tillegg eit lite utsal av lokale vare som ost frå Undredal, spekeskinke frå Flåm eller is frå Feios. Me tilbyr også frukostpakkar som vert tinga ved bestilling av overnatting.

Me kjenner Aurland og hjelper deg gjerne med gode tips til kva du bør oppleve i nærområdet, og korleis du kjem deg dit.

Velkomen til oss - velkomen til Skahjem Gard!

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Kontakt

Adresse:
  • Dalen 44
  • 5745 Aurland
Telefon:
+47 46664848
E-post:
info@skahjemgard.no
Nettside:
www.skahjemgard.no

Hvor er Skahjem Gard, Aurland?