Hopp til hovedinnhold

Velkommen til BesteBakken og ei overnatting du seint vil gløyme. På BesteBakken kan du sjekke inn på Glashuset som er fullt innreia med kjøken, bad, oppholdsrom og soverom. Det er plass til 2 gjester i glashuset. 

Gjestene kan velja om dei ønskjer mat hjå nede i hovudhuset eller oppe hjå seg sjølv. BesteBakken ligger ikkje så langr frå skianlegget Sogn Skisenter der besøkjande kan segla heim på ski om dei vil. Glashuset kan du bu i heile året. 

Det er ikkje eit «speglhus», sjølv om det i nokre tilfelle kan sjå slik ut. Difor har BesteBakken hengt opp gardiner som kan trekkjast for. På badet er det derimot ingen som kan sjå inn. Her slepp ein å vera bekymra for både nyfikne besøkjande og alpakkaer når ein tek seg ein dusj.

Den første alpakkaen kom til BesteBakken i 2009. Sidan dyra kjem frå Andesfjella så toler dei godt kalde hafslovintrar. Dei er også glade i varme sommardagar, særleg som nybarberte.

  • Facebook logo

Priser

Fra:
NOK 3 900

Kontakt

Adresse:
  • Mobakken 11
  • 6869 Hafslo
Telefon:
+47 90168449
E-post:
lindis@bestebakken.no
Nettside:
www.bestebakken.no/overnatting/

Hvor er Sleep with alpaccas, BesteBakken?