Hopp til hovedinnhold

Fjord Ferie Feriehus - Spissøy

Flott, nytt og moderne feriehus som vart ferdig i mai 2013. Ligg fredeleg til i eit regulert felt med ca 5 feriehus. Eigendomen ligg oppe på ei forhøyning, og har dermed fin utsikt utover fjorden frå terrasse, soverom og stove.

Flott utsikt over skipsleden mellom Stord og Bømlo, som har eit yrande båtliv. Supert hus for familieferie og fisketurar. Svært praktisk og godt utnytta feriehus med mange store og flotte vindu, som gjer det lyst og triveleg. Nedsenka hems gjer det til eit spnnande feriehus for så vel små som store born. Hemsen kan brukast til soverom eller aktivitetsrom.

Terrasse som går rundt tre sider av feriehuset. Her er moglegheitene for å nyte utelivet i fulle drag store! Inngangspartiet er innebygdt i svalgang mellom hytte og stort lagerrom. 

Nede ved sjøen er det egen flytebrygge med sløyeplass for fisk og plass til oppbevaring av utstyr.

Rundt i nærområdet og videre mot Bømlo, er det gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Her er det flotte naturområder som er godt utbygd med sykkel og gangstiar, godt merka turløyper. I skogen er det sopp og bær i sesongane. Bømlo er eit eldorado for aktivitetar på sjø og land, her finn du fred og ro i eit vakkert kystlandskap. Til fjelltoppen "Siggjo" er det merka turstiar.

 

Priser

Fra:
NOK 1 400

Kontakt

Adresse:
  • Spissøyvegen 80
  • 5440 MOSTERHAMN
Telefon:
+47 53 48 73 00
E-post:
kurt@fjordferie.net
Nettside:
www.fjordferie.net

Fasiliteter

WIFI/Internett:
TV:
Kjøkken:
Parkering:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Spissøy Feriehus?