Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Bygder og steder

Bømlo

Med hav og tusen øyar er Bømlo eit eldorado for båtliv og fiske. Her er idylliske fiskevær og handelsstader, og unike historiske plassar som Moster og gullgruvene på Lykling

Rødt og hvitt fyr på holme ved havet, solnedgang i havet.
Slåtterøy fyr i solnedgang|© Jon Olav Rolfsnes

Toppen av Bømlo


Siggjo er det høgaste fjellet på Bømlo, der toppen ligg 474 m.o.h. Frå mange stader i Sunnhordland kan du sjå fjellet, som i tidlegare tider blei brukt som innseglingsmerke. Du ser fjellet frå langt ute i havet. I tillegg er det også frå gammalt av eit vermerke og ein vervarslar. Har Siggjo «hatt» på, blir det gjerne regn etterpå.

Varierte Bømlo


Landskapet er svært variert. Berrt, med blankskurte berg som på Slåtterøy, skogkledd og frodig som Totlandsskogen på Moster, og røft ut mot havet som ved Brandasund.

Bømlo består av mange øyer og holmar, og er landfast med Bømlabrua til Stord og Bømlafjordtunnelen som går vidare til Sveio (Trekantsambandet). Den bilfrie øya Espevær høyrer også til kommunen. Espevær har både «UFO-ring», kabelferje, sesongrestaurant og Hummarpark og er vel verdt eit besøk.

Bømlo er eit eldorado for padling og båtturistar, der alle øyene, Røyksundkanalen og Kulleseidkanalen gir gode opplevingar tett på naturen. Her er gode gjestehamner, og Kulleseidkanalen Gjestehamn byr også på gode matopplevingar og kulturopplevingar. Det er hotell på Bømlo. Rorbuer er også populært for ferierande. Gullvegen Gardstun tilbyr unik overnatting i Stormhytter heilt ute ved havet.

Historiske Bømlo


Blant dei mange øyene på Bømlo har Moster ei lang historie. Det var her Olav Tryggvason i år 995 gjekk først i land for å kristne Norge og ta kongsmakta. I 1024 blei kristenretten vedteke i Mostratinget på Moster. Arven frå Olav Haraldsson, som var sentral her, har stor betydning for korleis staten Norge vart.
Mostraspelet «I slik ei natt», som blir framført i Moster Amfi annakvart år i pinsehelga levandegjer dei historiske hendingane.
På Moster ligg også ei av dei eldste kyrkjene på Vestlandet, Moster gamle kyrkje.

Gullgruvene på Lykling representerer eit gullrush utan sidestykke i Norge som utspann seg på slutten av 1800-talet. No kan du oppleve området på flotte turstiar.

Reise til Bømlo


Du kjem det lett til Bømlo. Hurtigbåten frå Bergen har anløp på Rubbestadneset. Det går ferje mellom Buavåg i Sveio til Langevåg.Med bil er Bømlo knytt til fastland med bruer og Bømlafjordtunnelen. Handelssentrum på Bømlo er Svortland. Her er tettstadene Langevåg, Moster, Rubbestadneset, Finnås.

Et merkeikon

Bru over sjø, hus på fjell og båter.

Brandasund

Den gamle handelsstaden Brandasund ligg på Gisøya i Bømlo kommune, ute mot havet mellom Bergen og Haugesund.

Hus og naust rundt vik, båter på sjøen, flytebrygge.

Moster

Havet og kystleia har vore viktig som næringsgrunnlag, men og for handel, maktspel og nye impulsar frå det store utland. Midt i kystleia på Vestlandet ligg Moster med den lune, trygge hamna Mosterhamn. Store vikingkongar har vore i land her og sett avgjerande nasjonalhistoriske spor etter seg.

Øysamfunnet Espevær på Bømlo. Kabelferge.

Espevær

Espevær er eit eineståande lite øysamfunn ute i havet, vest for Bømlo. Husa på den bilfrie øya ligg tett i tett inne i sundet, i le for havråk og vindar.

Se alle attraksjoner i Sunnhordland

Alt ligg tilrette for gode opplevingar på Bømlo

På Bømlo er du tett på både hav, fjell og øyer. Og gode opplevingar!

Båtutleige og fiske på Bømlo

Båtutleige og fiske på Bømlo

Bømlo er eit eldorado for båtfolket. Med sine over 1.000 øyer, holmar og skjer finn du her ein av dei finaste skjergardane i Noreg.

Brandasund Kultur & Fritid

Brandasund Kultur & Fritid

Brandasund Kultur & Fritid tek deg der du vil, slik at du kan oppleva det du ynskjer. Båtturar med rib, båtutleige, kajakk, guidetenester, tur til Slåtterøy fyr. 

Topptur til Siggjo

Topptur til Siggjo

Eit fantastisk utsiktspunkt – og eit spennande geologisk område. Ein lett tilgjengeleg topptur som tek om lag ein time opp.

Tur til Brandasundsåto

Tur til Brandasundsåto

Brandasund har ei lang historie som handels- og gjestgjevarstad. Denne turen går på sti med svak stigning der du kjem til eit flott utsiktspunkt mot havet.

Skjergardsturen 138 km

Skjergardsturen 138 km

Sykkeltur i variert kystlandskap langs asfaltert veg med høvesvis liten biltrafikk. Skjergardsturen har ein ferjetur, og du kan også kombinere med snøggbåt!

Utstillinga "Steinriket Bømlo"

Utstillinga "Steinriket Bømlo"

Interessant utstilling i tunnelen i Moster Amfi. I tillegg til denne utstillinga er det og historiske lokalitetar på Bømlo som er mulig å oppleve når du vil.

Espevær på Bømlo

Espevær på Bømlo

Espevær er eit eineståande lite øysamfunn ute i havet, vest for Bømlo. Husa ligg tett i tett inne i sundet, i le for havråk og vindar og øya er bilfri!

Nordsjøløypa Våge - Hellvik

Nordsjøløypa Våge - Hellvik

Ein lett tur gjennom vakkert kulturlandskap. Fin utsikt mot øya Hiskjo og vest mot havet.

Furuneset badestrand

Furuneset badestrand

Furuneset finn du i Innværfjorden, like sør for Rubbestadneset.

Nordsjøløypa Løvegapet - Sætrehilleren

Nordsjøløypa Løvegapet - Sætrehilleren

Ein fin tur til den gamle fangstplassen Sætrehillaren, som vart brukt i steinalderen. Fine badeplassar i området.

Narravikjo badestrand

Narravikjo badestrand

Ei fin lita badevik med ein stor og slett grasbakke. Her er moglegheiter til å bade både frå svaberg og frå strand.

Alle aktiviteter tilknyttet Bømlo

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kjem du deg til og rundt i SunnhordlandSe på kartet

Overnatting og mat på Bømlo

Kulleseidkanalen Gjestehamn

Kulleseidkanalen Gjestehamn

Vakn opp til ei lun og triveleg hamn, omgjeven av flott natur - midt i øyriket. Her kan du legge til kai på ein av dei 40 båtplassane med naturen tett ved.

Stormhyttene på Gullvegen Gardstun

Stormhyttene på Gullvegen Gardstun

Ta orkesterplass når naturen spelar opp til dans.

Fjordtun Bømlo

Fjordtun Bømlo

Fjordtun er eit ekte paradis for fiske og avslapping på Bømlo. Her kan du oppleve kystlivet og nyte eit opphald i moderne rorbuer.

Langevåg gjestehamn v/Bømlo Båtlag

Langevåg gjestehamn v/Bømlo Båtlag

Bømlo Båtlag ligg i tilknyting til Langevåg Gjestehamn. 7 gjesteplassar. Her er det hamnevertar kvar sommar.

Skjeret landhandel

Skjeret landhandel

Skjeret Landhandel ligg i Brandasundet. Gjestehamna har mange fasilitetar og 10 gjesteplassar.

Biekronå, Espevær gjestehamn

Biekronå, Espevær gjestehamn

Eit særprega fiskevær, rikt på kulturelle minne, ytterst i Bømlafjorden. Kort avstand til nærbutikk og sumaropen restaurant. 

Kulleseidkanalen Hotellhytter

Kulleseidkanalen Hotellhytter

Kulleseidkanalen Gjestehamn tilbyr overnatting i hotellhytter. Her får du eit fullverdig hotellrom oppført som hytte i fantastiske omgjevnader.

Brandasund gjestehamn

Brandasund gjestehamn

Brandasund er ein idyllisk gammal stad heilt ute i havgapet. Her er det daglegvarer, saniteranlegg, kafè og pub.  

Spissøy Feriehus ved sjøen

Spissøy Feriehus ved sjøen

Koselig hytte ved sjøen, med panoramautsikt, badestrand og privat brygge. I tillegg til hytta (men inklusiv i leiga) er det eit lite, koselig anneks.

Alle overnattingssteder tilknyttet Bømlo

Kommende arrangementer

Planlegg reisa di til Bømlo

Moster

Moster

Havet og kystleia har vore viktig som næringsgrunnlag, men og for handel, maktspel og nye impulsar frå det store utland. Midt i kystleia på Vestlandet ligg Moster med den lune, trygge hamna Mosterhamn. Store vikingkongar har vore i land her og sett avgjerande nasjonalhistoriske spor etter seg.

Espevær

Espevær

Espevær er eit eineståande lite øysamfunn ute i havet, vest for Bømlo. Husa på den bilfrie øya ligg tett i tett inne i sundet, i le for havråk og vindar.

Brandasund

Brandasund

Den gamle handelsstaden Brandasund ligg på Gisøya i Bømlo kommune, ute mot havet mellom Bergen og Haugesund.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement