Hopp til hovedinnhold

Om du søkjer mot havet eller føretrekk meir rolege farvatn i fjordar, sund og vågar, finn du her noko for ein kvar smak.

Hos Fjordtun kan du velje mellom 11 gode og sjødyktige båtar tilpassa både dagsturar og fiske. På heimesida deira finn du detaljert presentasjon av dei enkelte båtane med tekstar, foto, videoar og prisar.

Dei leiger ut båtar både til våre eigne hyttegjestar og til andre som ynskjer ein båt- eller fisketur. Båtane ligg fortøyd ved flytebrygger både på austsida av Bømlo i den vakre Innværfjorden og i Straumen ut mot havet i vest.

På Innvær har dei sju båter; fem 22 Fisker dieselsnekker (22 fot, 16-25hk), ein Kvernø aluminiumsbåt (19 fot, 50hk) og ein Hansvik Fisker (18 fot, 25hk). I Straumen er det fire Skager 660 dieselsnekker (22 fot, 25hk).

Det er berre aluminiumsbåten som krev båtførarbevis eller at du er født før 01.01.1980.

På Fjordtun er dei er opptatt av å ha gode, sjødyktige og sikre båtar. Dei leiger difor ikkje ut båtar som er mindre enn 18 fot. Båtane deira er breie og stødige. Dei har alle fiskestanghaldarar, ekkolodd med GPS og kartplotter, og sjølvsagt er det inkludert symjevestar og anker.

 

 

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • 5420 Rubbestadneset
Telefon:
+47 918 87 028
E-post:
paul@fjordtun.no
Nettside:
www.fjordtun.no

Hvor er Båtutleige og fiske på Bømlo?