Gjennom tusen år har den lune og gode hamna lege sentralt i den ytre leia langs kysten. Brandasund fekk truleg namnet etter handelsmann Jacob Brandt som budde her kring 1660. I den store sildeperioden på 1700- og 1800-talet var Brandasund eit livskraftig sentrum. Her er bygningar som står som trauste monument og vitnar om storheitstida som la livsgrunnlaget for folka her ute Terreng Sti, svak stigning, siste del trappetrinn opp til toppen. Retur til parkeringsplass. Deretter veg til sentrum.
Liten topptur.
Tid Ca. 1 1/2 time.
Start Parkeringsplassen ved oppgangen til Brandasundsåto. Stien til Brandasundsåto går gjennom nedslagsfelt til drikkevatn, så urein ikkje området. Frå parkeringsplassen følgjer vi vegen eit lite stykke vidare til skilt merka Brandasundsåto. Følg stien til høgre, ca. 40 min. tur/retur. Første delen lett og ope terreng, seinare litt stigning med trappetrinn siste delen opp til toppen. Like før trappene, jord gamme som var bustad for tyske soldatar under siste verdenskrig. Brandasundsåto var alt under første verdenskrig utsiktpost og signalstasjon. Utsikt frå toppen Nord/vest: Slåtterøy fyr, teikna i 1858 av fyrdirektør Carl Frederik Diriks, bygt i 1859. Ein av dei få fyrstasjonar i landet som framleis er bemanna. Er no foreslått verna av riksantikvaren. Nord: Stolmen, Selbjørn, byfjella i Bergen, Rekstern og Tysnes. Sør/vest: Siggjo (sjå tur 13A). «Det seiest at ein i klart ver kan sjå like til Englandsnausta». Vi følgjer same stien tilbake til vegen, og tar til høgre mot sentrum og kaien. Demning/vatn som ein ser til høgre for vegen, vart demt opp for å få drivkraft til hermetikkfabrikken der turbinen sto og dreiv maskinane. I 1917 vart det bygt elektrisitetsverk på øya. Vannkraft frå denne demninga var nok til lys i alle hus på Brandasund. Det var nok ikkje mange stadar langs kysten ein hadde elektrisk lys den gongen. I dag er det drikkevatn for øya. Eit stykke vidare tar du til venstre, på «den gamle vegen» ned mot sentrum.
Husa her er: (1) Bakaren sitt hus (2) Utedo, høyrde til handelshuset (privat eiga) (3) Smie, bygt 1908 (4) Stabburloftet/skykje, bygt 1850 (5) Losjihus (6) Bakeriet med bustad oppe, bygt 1907 (7) Mosesloftet frå tidleg på 1700-talet. Moses Hansen var namnet på borgaren som budde her. Sagnet fortel at han hadde butikk i underetasjen og budde ovanpå. (8) Hovudhuset bygt ca. 1600-1700 talet. Huset er bygt i to eller fleire byggjetrinn. Då det i 1860 vart oppretta offentleg telegrafstasjon, vart huset påbygt for å gje plass til stasjonen og telegrafstyraren. (9) Hermetikkfabrikken bygt i 1897. Herfrå selde dei fiskeprodukt både til inn- og utland. At fisken kom frå Brandasund var prov på kvalitet. Ein oppnådde å få gullmedalje for hermetikkfabrikkens produkt på ei utstilling. Fabrikken er no omgjort til serveringsstaden «Fabrikkloftet». I underetasjen er det god gamaldags krambu kor ein blant mykje anna kan få kjøpt nysteikte skillingsbollar og kaffi. (10) Forretningsbygg frå 1930. Her var butikk i 1. etasje, lager i 2. etasje og bustad i 3. etasje. (11) Gamalt naust kor ein finn Naustvika Ullverkstad og Steinsmie. Her kan ein få kjøpt produkt av ull frå villsau og anna kunsthandverk.
Ein går så vegen - den nye - attande til parkeringsplassen.
Vandring
Brandasundsåto
Brandasund har ei lang historie som handels- og gjestgjevarstad. Denne turen går på sti med svak stigning. Siste del er trappetrinn opp til toppen. Liten topptur.
Kontakt
- Adresse:
- 5423 Brandasund
- Telefon:
- +47 53 42 30 14
- E-post:
- postmottak@bomlo.kommune.no
- Nettside:
- www.fjordnorway.com/planning-your-trip/tour-suggestions
Fasiliteter
- Sesong:
- Høst
- Sommer
- Vår
- Avstand:
- 1.7km
- Varighet:
- Kort tur (0,5-3t)
- Total stigning:
- 83m
- Vanskelighetsgrad:
- Lett (grønn)
- Underlag:
- Sti
- Terreng:
- Fjellområde
- Skogsområde