Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Bygder og steder

Espevær

Espevær er eit eineståande lite øysamfunn ute i havet, vest for Bømlo. Husa på den bilfrie øya ligg tett i tett inne i sundet, i le for havråk og vindar.

Øysamfunnet Espevær på Bømlo. Kabelferge.
Øysamfunnet Espevær på Bømlo. © Ranveig Nesse

Dagsturar på Espevær

Opplev den bilfrie øya vest for Bømlo. Det tidlegare fiskeværet har ein heilt eigen atmosfære, og byr på både mat og kanskje eit mysterium!

Opplev den koselege, bilfrie øya Espevær utanfor Bømlo.

Hummarparken vart bygd i 1887 og restaurert i 1994. Den er eit unikt kulturminne. Hummarparken er landets største og er i dag museum og akvarium. Ein kan få guida omvising og flåtetur i hallen med frittgåande hummar om sommaren.

Baadehuset gjev eit innblikk i den tida då Espevær var ein viktig del av sildefisket. Historisk sett var nemleg Espevær det største fiskeværet på Bømlo, med opptil 30 000 fiskarar under storsildfisket i 1850-åra. Huset vart bygd i 1850 på gamle steinmurar frå 1690, og er i dag museum. Det er og butikk og kafé om sommaren.

UFO-ring og kabelferje

Espevær er kjent for «Ufo-ringen», som vart oppdaga i 1975 og som framleis er like tydeleg. Turistar kan gå tur på Espevær og sjå på "Ufo-ringen".

På Espevær kan du også reise med kabelferje.
Kabelferja er konstruert ved Mæhles mekaniske verkstad på Baadeholmen. I 1978 vart ferja sett i drift over det 45 meter breie sundet mellom Baadeholmen og Garvika. Kabelferja har myntautomat og kostar 20 kr pr veg, og turen tar cirka to minutt. Du kan bruke ferja heile døgnet, og det er plass til fire personar ombord.

Om sommaren har restauranten Gamleposten 5444 ope - ein serveringsstad med kortreiste smakar og gode historiar. 

Opplevingar

Små og store opplevingar på Espevær

Det gamle handelshuset Baadehuset

Det gamle handelshuset Baadehuset

Baadehuset er eit handels- og bustadhus frå 1850-talet bygd på gamle kalksteinsmurar frå 1692.

Ufo-ringen på Espevær

Ufo-ringen på Espevær

For over 40 år sidan oppdaga ein plutseleg ein oval ring ute på eit område på øya Espevær ved Bømlo. Heilt fram til i dag kan ingen kunne svare sikkert på korleis ringen har oppstått.

Kystoppleving

Kystoppleving

Bli med på ei eventyrleg kystoppleving i Sunnhordland.

Espevær på Bømlo

Espevær på Bømlo

Espevær er eit eineståande lite øysamfunn ute i havet, vest for Bømlo. Husa ligg tett i tett inne i sundet, i le for havråk og vindar og øya er bilfri!

Vedvik badestrand

Vedvik badestrand

Ved Vorlandsvågen finn du ein fin badeplass, flytebrygge, toalett, gapahuk, gode parkeringsforhold og fine turmoglegheiter i området rundt.

Hummerparken - Espevær

Hummerparken - Espevær

Hummerparken på Espevær er den største i sitt slag i Noreg. Eit unikt byggverk i tre og blikk som no er eit kombinert museum og akvarium! 

Alle aktiviteter tilknyttet Espevær

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kjem du deg til og rundt i SunnhordlandSe på kartet

Mat og drikke - og gjestehamn

Gamleposten 5444

Gamleposten 5444

Gamleposten 5444 på Espevær er ein serveringstad med kortreiste smakar og historier. Lokale tradisjonar, historie og smakar som gjev ekte matglede.

Biekronå, Espevær gjestehamn

Biekronå, Espevær gjestehamn

Eit særprega fiskevær, rikt på kulturelle minne, ytterst i Bømlafjorden. Kort avstand til nærbutikk og sumaropen restaurant. 

Alle overnattingssteder tilknyttet Espevær

Kommende arrangementer

Kanskje du også vil besøke desse spennande øyene

Utsira

Utsira

Utsira er en øy vest for Haugesund, og er Norges minste kommune i antall innbyggere. Øya er kjent for et rikt fugleliv og gatekunst i ypperste klasse.

Røvær

Røvær

Røvær er en øygruppe, 25 minutter med båt fra Haugesund sentrum. Øya er bilfri og har en befolkning på rundt 80 personer.

Runde & Sunnmørskysten

Runde & Sunnmørskysten

Ytre, søre Sunnmøre er den upolerte og utadvende naboen til Ålesund. Eit øyrike med små stader og store opplevingar.

visitsunnhordland

Følg oss:

  • Facebook

    Visit Sunnhordland

  • Instagram

    visitsunnhordland

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement