Hopp til hovedinnhold

Gamleposten 5444 – skap magiske augeblikk.

Gamleposten 5444 på Espevær er ein serveringstad med kortreiste smakar og historier. Visjonen er dyrka på lokale tradisjonar, historie og smakar som gjev ekte matglede. Søskena Silje, Rollaug og Torstein er oppvaksne på Espevær. Dei har alltid vore sterkt knytte til heimplassen sin. Dei starta firmaet Gamleposten5444 hausten 2015, og kjøpte det gamle tunet i Garden i november 2015.

Gamleposten skreddarsyr opplevingane og menyane saman med deg.

Bestilling må gjerast på førehand.

Opningstider

Sesongen til Gamleposten er i hovedsak påske og gjennom sommaren, men det er ope restaurant 1 gong pr. månad gjennom heile året. 
Elles er det ope for grupper.

Opningstider sommaren (veke 26-31)

Veke 26:

lørdag 29. juni. 3, 5 og 7-retters meny frå kl 17.00 med bordbestilling.

Veke 27:

Fredag og lørdager: 3, 5 og 7-retters meny frå kl 17.00 med bordbestilling. (onsdag og torsdag åpnar me på bestilling for større grupper, minimum 20 stk).

Veke 28, 29 og 30:

Torsdag, fredag og lørdag: 3, 5 og 7-retter meny frå kl 17.00 med bordbestilling.

Veke 31:

lørdag 3.august.3, 5 og 7-retter meny frå kl 17.00 med bordbestilling.


Har du ei gruppe som treng transport ut til Espevær, kan du kontakte M/S Venemøy. Du finn meir informasjon her.

Sjå nærare info om opningstidene med meir på nettsida til Gamleposten 5444.

På Espevær kan du også besøkje hummarparken eller antikkbutikken på Espevær.

Velkommen til Gamleposten 5444.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo
  • Instagram logo

Kontakt

Adresse:
  • Espeværsvegen 14
  • 5444 ESPEVÆR
Telefon:
41215175
E-post:
gamleposten5444@haaheimgaard.no
Nettside:
gamleposten5444.webnode.com/

Fasiliteter

Allergitilpasset:
Lokalmat:
Alle rettigheter:
Sesong:
  • Sommer
  • Vår

Hvor er Gamleposten 5444?