Hopp til hovedinnhold

Velkommen ombord i MS Venemøy! 

Charterbåten har passasjerkapasitet på 38 personar. I charterturar egnar den seg best frå 15-25 passasjarer. Venemøy er 15 meter lang, og har tre salongar der to av dei har god utsikt. I salongen er det moglegheiter for servering.

Båten har i tillegg god dekksplass som gjev moglegheit for å nyte den vakre naturen frå dekk. Du kan velje ulike turar frå øy til øy med Venemøy. I vakre Sunnhordland er det fjordar, samlingar av holmar, attraksjonar og alt i alt ei nydelig og kanskje litt gløymd kystperle. Dette gjev eit hav av moglegheiter til å skapa gode og unike opplevingar saman med dykk. Ingen tur er for liten, og heller ingen for stor. Ta gjerne kontakt, og kom med dine forslag og ynskjer for turar. Dei tilsette i MS Venemøy vil skape ei fin oppleving som gjev dykk nye minner det er verdt å ta vare på.

Gled deg til turar og opplevingar saman i vakre Sunnhordland.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Svartesjøen 8
  • 5444 Espevær
Telefon:
+47 911 29 707
E-post:
venemoy@rysjedals.no
Nettside:
www.kystoppleving.no/

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Charterturar med MS Venemøy?