Baadehuset er eit handels- og bustadhus frå 1850-talet bygd på gamle kalksteinsmurar frå 1692 av skipperborgar Hans Jacob Baade frå Stavanger. Arkitekturen er påverka av engelsk byggestil og huset framstår originalt. Møbler, utstyr og bilete er tidsrette. På loftet finn ein maritimt utstyr og reiskaper til brukt i jordbruket og heime. Pittoreske Baades gamle kjøken har kalksteinsmurar og peis og kan leigast til arrangement - lunsj på førespurnad. Her er det videokanon og lerret og lokalet blir brukt til foredrag og resepsjon.
Her er og ei samling utstyr frå Espevær skule som blei nedlagt våren 2020.
Sal av kaffi, te, is og brus.
Betaling: Kort, vipps eller kontanter.