Hopp til hovedinnhold

Velkomen til historiske Moster

Øya er landfast med bru over Røyksundkanalen, og vidare med bru til Spyssøy, og brua Bømlafjordbrua til Føyno. Herifrå går Bømlafjordtunnelen til Sveio og vidare til Haugalandet. Frå Føyno går det bru over til Stord.

Moster og hamna Mosterhamn har historisk sett vore ein naturleg plass å gå i land for reisande. Staden er omtala av Snorre, der han skriv om Olav Tryggvason som gjekk i land her i år 995 då han starta å kristna Norge. Her finn du også ei av dei eldste steinkyrkjene i landet, Moster Gamle Kyrkje.

Moster Amfi og marmor

Den kanskje mest unike friluftsscena i Nord-Europa finn du på Moster. Moster Amfi har sitjeplassar til 1300 personar, og ligg i det som opprinneleg var ei marmorgruve. Her er det både storslåtte teateroppsetjingar og konsertar. Mostraspelet «I slik ei natt» vert sett opp i pinsen annakvart år.

Moster Amfi er også hovudportalen til Geopark Sunnhordland. I gruvetunnelen får du innblikk i geologi og bergverksdrift på Bømlo, som går heilt tilbake til steinalderen.

Visste du forresten at Marmorbroen i København er laga av blant anna marmor frå Moster og Bømlo?

Moster gamle kyrkje

På Moster kan du oppleve historia om når kristenretten vart innført i Norge, og Olav Tryggvason si kyrkje. Moster Gamle Kyrkje er ei av dei eldste kyrkja i landet! Inventaret i kyrkja er frå 1600-talet og i renessansestil, og flotte kalkmaleri dekker store deler av veggane. I 1995 feira den norske kyrkja sitt 1000 års jubileum nettopp på Moster. I samband med dette vart det bygd hus til ei religions-historisk utstilling: «Frå heidendom til kristendom».

1000-års jubileum - Moster 2024

I 2024 er det markering av at det er 1000 år sidan Olav Den Heilage innførte kristenretten på Mostertinget. Her blir starten på rettstaten og demokratiet Norge feira. Born og unge får ekstra fokus i samband med jubileet og mange spennande arrangement skal finne stad.


På Moster møtest historie, kunst og kultur.

Kommende arrangementer