Snorre Sturlason fortel i Kongesogene at Olav Trygvason let byggja ei kyrkje på Moster då han kom til Noreg i år 995. På denne staden ligg Moster Gamle Kyrkje, og denne steinkyrkja har rundt 100 sitjeplassar.

Veggane er 1.1 meter tjukke, og kyrkja har to rom (eit skip og eit kor). Innvendig har kyrkja etter-reformatisk dekor, og det er rissa inn mange bumerke og runer både på døra og på veggane. Mange av desse er enno ikkje registrerte eller forska på. På veggane er det kalkmåleri frå 1600-talet, med mellom anna scener frå Jesu liv, Abraham si prøving og jomfru Maria. Kyrkja er ein av dei enklaste kyrkjebygningane i landet vårt, og har berre  klebersteinssokkelen som utvendig dekor. Golvet er no av tre, men har tidlegare vore hellelagd og truleg var det berre jordgolv før det igjen.

Preikestolen er i rennesanse-stil. Alteret er bygd av stein i Olav Trygvason si tid, medan alterbordet er av tre og liknar på eit skap. Det er ei vakker altertavle der frå 1825, med illustrasjonar av nattverden og korsfestinga.

Ved inngangen i kyrkja er det kyrkjestolar for småbarn som skulle døypast, og kyrkjestolar for inngangskoner. Der måtte kvinnene som var "ureine" sitja. Dei var ureine i 40 dagar etter fødselen viss det var ein gut, og 80 dagar etter fødselen om det var ei jente. Denne skikken har halde seg ganske lenge nokre stadar i landet. Då det etter utetter 1600-talet kom fleire folk i kyrkja, auka dei talet på sitjeplassar med å byggje galleri. Galleriet er dekorert med bilete av dei tolv apostlane, men Judas er malt på nordmuren på grunn av plassmangel. Det har og vore eit galleri på nordveggen som var bygd på 1800-talet, men det blei i seinare tid tatt ned. Fortidsminneforeningen kjøpte kyrkja i 1875, og utanom kalking av veggene utvendig har ikkje kyrkja blitt endra sidan då. Mykje er usikkert når det gjeld denne kyrkja og historia til kyrkja. Det er mellom anna ikkje sikkert at denne kyrkja var den fyrste kyrkja på norsk jord. Nokre hevdar at det fyrst vart bygd ei trekyrkje, og at steinkyrkja har tatt over for denne, sidan denne truleg ikkje vart bygd før på 1100- talet.

Døypefonten Fremst i kyrkja står det ein døypefont. Den er ei gåve frå eit seglskip som heitte "Dronning Anna Sophia", og kapteinen på skipet heitte Busch. "Dronning Anna Sophia" var eit Ostindiafarerskip frå Danmark som kom i havsnaud frå 29. desember 1721 til den 12. februar 1722, og lova i bønene sine at den fyrste kyrkja dei fekk komma i hamn til, skulle få store gåver. Dei kom til Moster, og kyrkja fekk utdelt eit dåpsfat av sølv som var verdt 50 riksdalar. For femti riksdalar kunne ein på denne tida få kjøpt tolv kyr, noko som representerte ein stor verdi. "Dronning Anna Sophia" gav også vindauge verdt to riksdalar og ein døypefont verdt 16 riksdalar i gåve til kyrkja. Døypefonten har form av ein mann, og det høyrer til ein himmel, eller ei krone, som har ei due inni seg. Under dåpen blei denne hengt ned under himmelen. Ved sida av døypefonten er det ei luke i golvet, som dei pleidde å tøma det brukte dåpsvatnet i, så det skulle hamna i vigsla jord.

I 1924 var kong Haakon 7 på Moster og avduka Steinkrossen på Vetahaugen.

Kontakt

Adresse:
  • 5440 Mosterhamn
Telefon:
+47 53 42 66 20
E-post:
post@mosteramfi.no
Nettside:
www.mosteramfi.no

Fasiliteter

Sesong:
  • Sommer

Hvor er Moster Gamle Kyrkje?