Hopp til hovedinnhold

November 1854 blei utbygginga av eit elektrisk telegrafnett i Noreg starta i regi av Carsten Tank Nielsen. Første mål var å få telegraflinja frå Sverige via Christiania og til Mandal. I 1857 vart linjene ført vidare frå Mandal til Bergen. Rett etter dette vart Kulleseid Telegrafstasjon bygd, og er etter det me veit det første større huset Den norske Statstelegraf bygde for eiga rekning.

Kulleseid Telegrastasjon var ein såkalla fiske-telegrafstasjon i "Søndre Vårsilddistrikt". Telegrafstasjonen blei tatt i bruk for første gong ved nyttårskiftet 1857/58. Desse fisketelegrafstasjonane var berre i bruk i sildefiskesesongane, dvs. mellom desember og mars. Den daglege opningstida var 9 til 12 på kvardagar, og 16 til 19 på søn- og heilagdagar. På den tida vart klokka målt etter København, og Kulleseid ligg omlag 29 minutt etter København. Personellet på telegrafstasjonane var såkalla fisketelegrafistar, oftast tilreisande telegrafikyndige som jobba ved stasjonen i sesongen. Dette var gjerne lærarar som veksla mellom telegrafi og skulegjerninga.

Oppsynsmannen ved Kulleseidkanalen og brua, Jacob Wrede Zahl, tok seg også av telegrafstasjonen. Han var telegrafstyrar, men dette innebar ikkje telegrafi. Han var meir ein stasjons- og linjevakt. Sesongen 1896 ser ut til å være den siste for Kulleseid som telegrastasjon. Folk hadde også på den tida sans for detaljar. Då Kong Oscar I døydde fekk Kulleseid Telegrafstasjon ordre om at telegrafisten skulle ha svart laken på senga, og det tok omlag eit halvt år før dei fekk lov til å bruke kvite sengelaken igjen. I 1915 ser det ut til at stasjonen blei vekt til live att. Det var på denne tida folk begynte å få telefon, og i 1915 var det så mange abonnentar at dei blei installert skikkeleg sentralbord.

Museumet i dag

I 1997 vart museet pussa opp av Norsk Telemuseum. I dag er det ei lita utstilling her som fortel historia om telegrafstasjonen. Museet har ikkje faste opningstider, så eit besøk må avtalast på førehand. For å komma seg til Kulleseid kan ein enten bruka bil eller båt. Det raskaste er nok bil, litt avhengig av kor du bur, men båt er absolutt den finaste måten. Berre eit steinkast frå Kulleseid Telegrafstasjon ligg Kulleseidkanalen gjestehamn. Her er det mulig å leggja båten medan ein vitjar telegrafstasjonen.

Kontakt

Adresse:
  • 5437 Finnås
Telefon:
+47 53 42 30 14
E-post:
Nettside:

Hvor er Kulleseid Telegrafstation?