Bestill

Hovudruta i dag er Stord - Oslo, flydd av DAT. Lufthamna ligg svært gunstig plassert på vestsida av øya Stord. Frå Leirvik sentrum tek det ca. 18 minuttar med bil ut til lufthamna. Stord lufthamn er Sunnhordlandsregionen si lokale lufthamn.

Transportør er flyselskapet DAT. Dette er eit dansk flyselskap som både har faste ruteflygingar samt charter- og transportoppgåver.

Lufthamna har 12 rundturar pr. veke til og frå Gardermoen med DAT. Ruta går alle dagar unnateke laurdagar.

Flyturen mellom Stord og Oslo tek i underkant av 1 time.
Billettpris frå 469,- pr. veg ("først til mølla"-prinsipp).

Stord Lufthamn tilbyr rask og effektiv innsjekk og gratis parkering for bilar. Kjem du med elektrisk bil så kan du lada opp bilen gratis medan du er borte!

Tinging av billettar direkte på www.stordflyet.no,
Stord lufthamn (tlf. 53 40 37 00) eller ditt lokale reisebyrå.

Kontakt

Adresse:
  • Flyplassvegen 344
  • 5410 Sagvåg
Telefon:
53 40 37 00
E-post:
billett@stordlufthamn.no
Nettside:
www.stordlufthamn.no/

Fasiliteter

Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Stord Lufthamn?