Hopp til hovedinnhold

Vassbakken Kro og Camping har 13 hytter av ulik standark og storleik, plass til ca. 50 telt eller vogner. Velutstyrt sanitæranlegg. Kiosk med utval i kolonialvarer. Kro med servering av tradisjonsrik mat, øl og vin.

Frå den flate og grøderike dalbotnen, stig fjella rett til værs, og er mykje nytta til fjellklatring. Fossane utgjer eit spektakulært syn både sommar og vinter. Om vinteren vert desse nytta til isklatring. Hjå Vassbakken Kro og Camping ligg hytter, bygningar og teltplass i ly av flotte bjørketre.

Ein times køyretur unna ligg Jostedalen nasjonalpark med Nigardsbreen. I Fortunselva kan ein fiske laks og sjøaure. Det finst òg fleire interessante kulturminne her, som mellom anna Urnes stavkyrkje, som er Noregs eldste stavkyrkje og på Unescos liste over verdas best bevarte kulturminne.

I sentrum av Skjolden finn du butikk med post og fleirbrukshuset Fjordstova, med mellom anna innandørs symjebasseng og klatrevegg.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Lustravegen 4664
  • 6876 Skjolden
Telefon:
57686188
E-post:
info@vassbakken.com
Nettside:
www.vassbakken.com

Fasiliteter

Restaurant:
Lekeplass/lekerom:
Barnevennlig:
Frokost:
Parkering:
WIFI/Internett:
Ladepunkt for elbil:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Vassbakken Kro & Camping?