Bestill

På Yndestad gard kan du bu i eit stort 3 etasjars gardshus med alle fasilitetar som ein moderne familie treng i dag, samt mange tv kanalar og trådlaust internett.

Det er 6 soverom med 12-15 sengeplassar til store og små i hovudhuset. Huset inneheld 2 bad og toalett, eit med boblebad. Gjestane har høve å bestille overnatting med halv- eller fullpensjon.

Yndestad gard har også eit nytt bygg med 12 enkle og doble rom. Her er det overnatting for 12-24 personar. Passar for ein storfamilie, vennegjeng eller MC gruppe på tur.

Grupper/selskap

Yndestad gard skreddarsyr tilbod for arrangement som dåp, konfirmasjon, bryllaup, bursdagar, blåtur, teambuilding, leirskule, julebord m.m. Her finn du aktivitetar som farmenkonkurranse, jakt og fiske, bogeskyting, leirdueskyting, turløyper med meir.

Ta kontakt for skreddarsydd tilbod

Barneaktivitetar

Her finn du mange barnevennlege aktivitetar som sandkasse, fiskeplass, badeplass, badmintonnett, badeleikar, kano, kajakk og båt.

Fiske

Ønskjer du å fiske ligg moglegheitane rett utanfor døra di. I vatnet kan du fiske ål, aure opp til 5 kg og røye. Garden har eigen røykeovn for fiske, og du kan få opplæring i flugefiske og flugebinding med Bjarne Huseklepp. Om du ønskjer å prøve laksefiske ligg det 11 km frå garden i Flekke og Guddalsvassdraget.

Priser

Fra:
NOK 700

Kontakt

Adresse:
  • Yndestad gard
  • 6966
  • Fjaler
Telefon:
577 37577
E-post:
yndestadgard@gmail.com
Nettside:
www.facebook.com/Yndestad-Gard-150962778306309/

Fasiliteter

Vaskerom:
Båt til utlån/utleie:
Fiskemuligheter:
Utendørs sitteplasser:
WIFI/Internett:
TV:
Parkering:
Kjøkken:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Yndestad gard?