Hopp til hovedinnhold

Fjaler ligg på sørsida av Dalsfjorden og er mangfaldig geografisk. Her kan du reise frå fjordbygdene Dale og Flekke, til det lakserike Flekke- og Guddalsvassdraget, dalføret Guddal og til kystgrendene i vest.

Dale

Dale er kommunesenteret i Fjaler og byr på eit rikt utval av kaféar og butikkar, samt eit motell som ligg i Dale senter. Over bygda Dale troner Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen, og midt i sentrum ligg Jakob Sande-tunet. Du finn to bubilparkeringar: ein på Øyra og ein på ferjekaia, og det er gjesteplassar for båtar i dei to båthamnene.

Hellevik

På Hellevik finn du Leonards Forlaavelse som tilbyr småskala mat og oppleving. Her er stor ostedisk og interiørbutikk med intin og autentisk atmosfære. På Hellevik ligg også daglegvarebutikken og ei fin sandstrand om du ønskjer å bade. Vel verdt eit besøk er også kulturminnet Nilsbua.

Tysse

På Tysse ligg sorenskrivargarden Lillingstoneheimen, med ein vakker og privat gravstad, Fredensborg, som vart anlagt av sorenskrivar Nils Landmark. Like ved ligg Jensbua Kystkultursenter, som også er base for Bakkejekta.

Flekke

i Flekke ved fjordarmen Flekkefjorden ligg Røde Kors Nordiske United World College, som er bygd i tilknytning til Røde Kors sitt opptrenings- og rehabiliteringssenter Hauglandssenteret. Her er det eit myldrande internasjonalt miljø med 200 studentar frå heile verda, leirskule, badeland og konferansefasilitetar.

Korssund

Korssund er ein gamal gjest-gjevarstad heile vest i kommunen, med ei rik og spanande historie. Staden har fått navnet sitt etter ein 4 meter høg steinkross som vart reist av kong Olav den Heilage om lag år 1030 under kristninga av Noreg. Korsen er av typen "Olavskross", og er ein av dei største i landet. Korssund er ei naturleg god hamn, og her er eit myldrande båtliv om sommaren.

Et merkeikon

La deg inspirere

Finn idear og inspirasjon til din draumeferie i Fjaler

Kommende arrangementer