På Jakob Sande-tunet finn du bestefarsstaua, senter for forteljekunst, gamle skulehuset, løa og våningshuset med diktar-residens og overnatting.

Guida omvising

I sommarsesongen (juni - august) vil Sande-senteret og skulehuset vere ope. Då kan du få informasjon og omvising i diktarens fotspor knytt til kulturhistoria i Dale. Her får du også kjøpt musikk og bøker om diktaren, og om forteljekunst, t-skjorter og kort.

Lisa i Li-krambu og bakeri tilbyr heimelaga kaker, lappar, kaffi og is. Om sundagene er det sommarsalong med diktarar og forteljarar.

Omvising og arrangement med kulturinnslag for grupper og skuleklasser kan tingast heile året. Kulturvandring i Jakob Sande sine fotspor finn du på nett og tavler i tunet.

Priser

Fra:
NOK 0

Kontakt

Adresse:
  • 6963 Dale i Sunnfjord
Telefon:
57737775
E-post:
tunet@jakobsande.no
Nettside:
www.jakobsande.no

Hvor er Jakob Sande-tunet?