Hopp til hovedinnhold

Bygningen består av fleire små einingar som er bygd saman. Her har vi fire soverom, stove og kjøken, to bad og anneks med ekstra soveplass.

​Det er til saman ni sengeplassar. I hovudbygningen er det to soverom. «Det blå rommet» har to sengeplassar med dobbelseng breidde 1.20. «Det grøne rommet» har tre sengeplassar i familiekøye; nedre køye 1.20 cm og øvre køye 90 cm. I Gamlestova er det to soverom, eitt med dobbelseng (breidde 1.80) og eit rom med to enkeltsenger.

Hovudbygningen har bad med dusj, vaskemasin og WC. I Gamlastova er det bad med dusj og WC.

Det er ein romsleg terasse, med grillhus og langbord. 

Parkering er ved hovudvegen. Det er om lag 250 meter å gå ned på sti gjennom ein idyllisk morellhage. Stien er bratt og ein må gå fleire trapper. Det er lurt å pakke i bagasje som er lett å bære, og ein må vere god til beins. 

Tilgang til motorbåt.

Priser

Fra:
NOK 900

Kontakt

Adresse:
  • Skjerdalsvegen 109
  • 5745 Aurland
Telefon:
94 82 94 31
E-post:
harald.skjerdal@alb.no
Nettside:
www.skjerdal.com/overnatting

Hvor er Bygningen, Skjerdal?