Hopp til hovedinnhold

Fannaråkhytta er Noregs høgstliggande turisthytte, på 2068 moh. Hit kjem ein både viss ein går frå Skogadalsbøen, Sognefjellshytta, Krossbu og Turtagrø. Frå hytta ser ein mellom anna Hurrunganes tinderekker, Smørstabbreen og Jostedalsbreen. Soloppgang med Jotunheim-toppar i eit 360-graders skue, er ein utsikt du aldri kjem til å gløyme. Vi lover deg ei naturoppleving for livet.

Vatn vil alltid vere eit problem på ein plass som Fannaråken med nokså langt ned til grunnvatnet. Alt vatn er smeltevatn eller regnvatn. Det kan difor i tørrår forekomme ut på sommaren at me rett og slett går tom for vatn. I slike høve vert det streng rasjonalisering og gjestene lyt sjølve ta med seg drikkevatn opp på hytta. Dette vil det då stå skilt om på omliggjande hytter og stiar.

Hyttedrift på 2068 meter medfører nøye planlegging av kva varer som skal opp. Dersom det vert for lite av ein sort er det bæring som må til - for det er kun ein transport kvart år. Tilsaman vert det 12-14 løft med proviant under helikopteret for å få med alt opp.

Kontakt

Adresse:
  • Fannaråki
  • 6877 Luster
Telefon:
+47 48152244
E-post:
fannarakhytta@dnt.no
Nettside:
fannarakhytta.dnt.no/

Hvor er Fannaråkhytta?