Her, der det ein gong var ferjekai og bygda sitt naturlege samlingspunkt, kan du no bu i moderne ferieleilegheiter med utsikt over fjord, fjell og båtliv.
Korleis er leilegheitene på Flatråker Brygge?
Flatråker Brygge har 6 moderne ferieleilegheiter fordelte på 3 etasjar. Leilegheitene er frå 37 til 46 m², og kvar leilegheit har 4 eller 5 sengeplassar.
Alle leilegheitene har eige kjøken og bad og er fullt utstyrte for korte eller lengre opphald. Sengetøy og handkle er inkludert i leigeprisen. Det same gjeld wifi og straum.
Det er gratis parkering like utanfor, og det er tillate med kjæledyr.
Utvask på kr 900,- kjem i tillegg til leigeprisen.
Kva uteområde har Flatråker Brygge?
Ute finn du rolege fellesområde med sitjeplassar både på kaien og inne i grillhuset, med nydeleg utsikt over fjorden og fjellet.
Leilegheitene har eigen privat inngang og eit eige avgrensa uteområde med bord og stolar – perfekt for morgonkaffi, eit måltid ute eller ei stille stund ved sjøen.
Dei andre uteområda er felles for alle gjester. Her kan du slappe av, nyte utsikta eller slå av ein prat med andre som bur på Flatråker Brygge. Området er sosialt, uformelt og skapt for gode møte mellom menneske.
Kva kan du gjere i området rundt Flatråker Brygge?
Området rundt byr på flotte turmoglegheiter, badeplassar og kort veg til butikkar og serveringsstader. Perfekt for par, familiar og gjester som vil bu nær naturen og sjøen.
Kan du leige båt og kajakk på Flatråker Brygge?
Flatråker Brygge tilbyr utleige av fiskebåt i ulike storleikar, robåt, kajakk eller SUP. Flatråker Brygge er også registrert turistfiskebedrift.
Er Flatråker Brygge ope heile året?
Ja. Flatråker Brygge er ikkje sesongstengt, men har ope heile året.