Hopp til hovedinnhold

Tysnes ligg i Sunnhordland i Vestland fylke. Øykommunen ligg mellom Langenuen i vest, Bjørnafjorden i nord, Lukksund i aust og Huglo i sør. Uggdal er administrasjonssenteret.

I middelalderen blei Tysnesøya truleg kalla Njardarlog, som betyr Njord sitt lovdøme. Njord var guden for jakt, fiske og sjøfart. Tysnes byr på gode moglegheiter for alt dette.

På Tysnes finn du attraksjonar som Tysnessåta, Årbakka, Ånuglo friluftsområde, kalkomnen på Flakka og rekkjetunet frå 1599.

Gode smakar og magiske augeblikk

På Tysnes finns fleire stader for å oppleve gode smakar og opplevingar. Myrdal Gård med sine prisvinnande ostar finn du på vegen som fører til Tysnessåta. Haaheim Gaard er staden for magiske augeblikk. Her kan du overnatte i herlege omgjevnader, nyte måltid, lokale råvarer, kulturarrangement året gjennom. I Uggdal er det museum og landhandleri med handlaga sjokolade.
I Våge, som er handelssentrum på Tysnes, ligg Mandelhuset like i sjøkanten. Gode matopplevingar og kulturarrangement står også her på menyen.
Her finn du også ei av dei flotte gjestehamnene på Tysnes.

Tysnesfest

Festivalen i sjøkanten, Tysnesfest er eit fast innslag kvar sommar. Hit kjem både lokale stjerner og verdskjende artistar for å opptre under den familievennlege festivalen i juli.

Du kjem deg enkelt til Tysnes. Anten med ferje frå Halhjem til Våge, eller frå Jektevik til Hodnanes. Øya er også landfast med bru over Lukksund til Kvinnherad.

Kommende arrangementer