Hopp til hovedinnhold

Stad

Myrdal, Tysnes.

Parkering

Det er skilta til Tysnessåto frå fv. 549. Ta til venstre like før Myrdal gard, og følg grusvegen opp til parkeringsplassen. Skulle det vera fullt her kan du køyra eit par hundre meter tilbake, og parkera ved ferista.

Merking

Informasjonstavle ved startpunkt, og skilting undervegs. Sherpatrappene gjer det lett å finna fram.

Gradering

Raud, middels krevjande. Eit lite parti i Buskaret utan trapper krev nokre høge kneløft, og at ein er i normalt god form.

Høgdeskilnad

Den øvste parkeringsplassen ligg omlag 215 moh. Total stigning herifrå er i underkant av 540 høgdemeter.

Tidsbruk

Om lag to timar tur-retur

Turomtale

Med fantastiske utsikt i alle retningar er Tysnessåto eit svært populært turmål blant både lokale og ferierande.
Vel du Myrdal som utgangspunkt vinn du raskt høgdemeter, og det tek ikkje mange minuttane før du ser fjorden. Det er nokså bratt oppover Buskaret og Gråuro, men dei over 1000 trappetrinna har gjort turen enklare for folk flest. Du er berre nøydd til å bli imponert over det store arbeidet som er lagt ned av sherpaene frå Nepal. Undervegs er det også laga til fleire fine kvileplassar i stein.
Når du kjem opp på såtefjellet flatar terrenget litt meir ut, og herfrå er det enkelt og fint å gå mot toppen.


Turen passar for heile familien, så lenge ein tek seg god tid. Hugs tursko med ankelstøtte, klede etter veret og drikke. Ekstra kjekk blir turen om du har med niste.

Turen kan gåast heile året, men om vinteren må ein vurdere forholda. Ved snø/iis er ikkje turen anbefalt.

Les korleis du er trygg i fjellet her.

Bonustips

1. I sommarsesongen er det populært å svinga innom Myrdal gard etter fjellturen. Der kan du kjøpa steinomnsbakt pizza, heimelaga is, ost og andre freistande lokalprodukt. Hugs å sjekka opningstidene på førehand.
2. Tysnesfjellet er stort. Ta gjerne ein liten avstikkar til den idylliske stølen Ådnastegen, eller kanskje heilt til Hovlandsnuten om du kjenner at forma er god.
3. Uttrykket “alle vegar fører til Rom” gjeld i høgste grad for Tysnessåto. Om du ynskjer deg ein litt lengre tur og mindre bratt tur, utan trapper, kan du blant anna gå frå Dalen, Skaret eller Solheimsdalen.

Kontakt

Adresse:
  • 5685 Uggdal
Telefon:
53 43 70 00
E-post:
post@tysnes.kommune.no
Nettside:
www.tysnes.kommune.no

Fasiliteter

Total stigning:
  • 538m
Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Sesong:
  • Sommer
  • Vår
  • Høst
Underlag:
  • Sti
Terreng:
  • Fjellområde
  • Skogsområde

Hvor er Tysnessåto - fjelltur frå Myrdal til Tysnessåto på sherpasti?