Tysnes - ei konsentrert vestlandsoppleving
Vegane på Tysnes er for det meste smale og følgjer terrenget. Trafikken er stort sett relativt roleg. Ein rundtur på Tysnes er som ei konsentrert vestlandsoppleving. Langs vegen finn du kulturminne frå jarnalderen og fram til nyare tid.
Korleis kjem eg meg frå Bergen til Tysnes?
Det er enkelt å kome seg til Tysnes både frå Bergen, Leirvik/Stord eller Rosendal.
Frå Bergen kan du ta Hardangerfjordekspressen, som går frå Strandkaiterminalen i Bergen sentrum og stoppar på Malkenes, Tysnes. Har du med eigen sykkel, må du huske å bestille plass til denne på båten på førehand.
Korleis kjem eg meg frå Stord til Tysnes?
Om du kjem frå eller via Stord, tar du ferja over frå Jektevik på Stord til Hodnanes på Tysnes. Herfrå følgjer du fylkesveg 78 til Lunde. Etter 5 km kjem du forbi kalkomnen på Flakka, eit minne frå den tida ein brende kalk av steinmassar frå området og mellom anna eksporterte til England.
Du kjem forbi Onarheim, som på 1300-talet var sete for Onarheimsgildet, og vidare til Årbakka med gravrøyser, bautasteinar og den gamle handelsstaden Årbakka. Forbi Hovland følgjer du skilting mot Lunde, og kjem forbi Vevatnet, som mange meiner er knytt til gudsdyrking i førkristen tid.
Du kan skimte Tysnessåto (753 moh). Frå Lunde kan du ta til venstre på Rv 49 mot Våge, ferja over til Halhjem og vidare til Bergen. Alternativt kan du sykle til høgre på Rv 49 mot Gjermundshamn. Dei neste 3 mila går i skogsterreng og langs fjorden. Frå Lukksundbrua er det flott utsyn til fjorden.
Ølve er ei vakker bygd med fin utsikt både til Kvinnherad-fjella og Hovlandsnuten. I Gjermundshamn tek du ferja over til Årsnes (25 min.), og derifrå 5 km til Rosendal.