Hopp til hovedinnhold

Jasper og Nynke van Schaik tok over garden då dei flytta hit frå Nederland i 2013. Den berømte nederlandske ostetradisjonen kombinerar dei med utsøkte lokale råvarer.

Myrdal Gård har ein liten geitebesetning og eige ysteri der det produserast forskjellige ostar av eigenprodusert og kjøpt mjølk. Dyrevelferda er viktig, og Myrdal-geitene står på halm i en stor og lys fjos. Ute har dei tilgang til beite, skog og fjell heile året.

Myrdal ost blir seld i utvalde daglegvarebutikkar og spesialbutikkar i heile Noreg. For fleire av ostesortane har dei fått utmerkingar, både nasjonalt og internasjonalt. Den nyaste utmerkinga fekk dei i september 2022 under Bergen Matfestival då dei vann prisen for Årets lokalmatprodukt.

I vår- og sommarsesongen er gårdsbutikken open, og der blir produkt frå eige ysteri og andre lokalmatprodukt selde.

Myrdal Gård tilbyr omvisningar både i ysteri og på gården, i kombinasjon med ostesmaking. Kr 150 per person (barn opp til 12 år gratis).

I sommarferien er det faste tider kvar dag: kl 12:00. Utanom sommerferien er det berre å ta kontakt for avtale - ring eller sms til telefon 95528264.

På Myrdal Gård kan dei ta i mot grupper opp til 50 personar i restauranten. Buss kan kjøre opp til gården.

Her er opningstidene for både gardsbutikk og restaurant i 2024:



Påskeferie
: 23.-31. mars kl 12:00-18:00


April- mai- t.o.m 21. juni:

Man-tir-ons-tor-fre kl 12:00-17:00 gårdsbutikk open (ikkje servering)

Lørdag & søndag kl 12:00-18:00 gårdsbutikk og restaurant

Sommerferie 22. juni- 15. august

man-tir-ons: kl 12:00-17:00 gårdsbutikk open (ikkje servering)

tors-fre-lør-søn: kl 12:00-18:00 gårdsbutikk og restaurant



For opningstider ved Kr. himmelfart og pinse: sjå Facebooksida til Myrdal Gård!

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Tider

Opningstider 23. mars - 1. april 2024 (påske)

Ukedager:
12:00–18:00
Lørdag:
12:00–18:00
Søndag:
12:00–18:00

Opningstider april - 21. juni 2024

Ukedager:
Stengt
Lørdag:
12:00–18:00
Søndag:
12:00–18:00

Opningstider 22. juni - 15. august 2024

Mandag:
Stengt
Tirsdag:
Stengt
Onsdag:
12:00–18:00
Torsdag:
12:00–18:00
Fredag:
12:00–18:00
Lørdag:
12:00–18:00
Søndag:
12:00–18:00

Kontakt

Adresse:
  • Myrdalsvegen 202
  • 5690 Lundegrend
Telefon:
955 28 264
E-post:
post@myrdalgard.no
Nettside:
www.myrdalgard.no/

Fasiliteter

Lokalmat:
Vegetar:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Myrdal Gård?