Hopp til hovedinnhold

Ruta er nesten 20 kilometer lang, så då er det godt det ligg ein kulinarisk oase i andre enden av løypa der du kan få deg ei oppleving du seint vil gløyma.

Sykkelruta

Du syklar vegen opp frå Malkenes kai til krysset ved riksveg 49, tek til høgre, vestover og fylgjer denne mot Lundegrend og Våge. Her er fint å sykla langs oftast lite trafikkert veg medan du nyt utsikta over Humlevika, Gjersvikvågen og Bjørnefjorden med sine skogkledde små øyar, holmar og skjer.

Etter tre og ein halv kilometer passerer du Lundegrend der du kan kjøpa deg noko å drikka eller fylla opp vannflaska.

Treningsøkt undervegs?

Dersom du verkeleg vil sveitta litt, kan du etter 6 kilometer ta ein avstikkar i krysset opp mot Myrdal, som er den brattaste og kortaste oppstigninga til Tysnessåta (753 moh.) Etter 12 kilometer kjem du til Våge og fylgjer riksveg 49 til venstre i rundkøyringa, sørover mot Stord, Hodnanes og Uggdal. Like før ein kjem til Uggdal er det skilta opp mot Dalen. Du fylgjer då vegen opp langs elva Reiso dei tre siste kilometerane til Haaheim Gaard.

Vel framme vert du godt teken imot av Haaheim Gaard der du kan nyta det gode livet til dess du er klar for neste eventyr på sykkelsetet.

Kontakt

Adresse:
  • 5690 Lundegrend
Telefon:
E-post:
Nettside:

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Sykkelrute Malkenes - Haaheim Gaard (20 km.)?