Berggrunnen på austsida av Tysnes er svært kalkholdig. Dette har vore utnytta til kalkbrenning i fleire hundre år, og gav gardane i området ei spesiell attåtnæring fram til 1900.

Den ferdige kalken vart skipa m.a til Bergen og nytta til husbygging. Det finst restar av fleire kalkomnar rundt i Flakkavågen.

Kalkomnen på Flakka vart restaurert i 1992 av Tysnes kulturminnelag i samarbeid med Tysnes kommune.

Omnen ligg ved Flakkavågen ca 2 km sør for Onarheim. Du finn informasjonstavle ved hovudvegen.

Kontakt

Adresse:
  • 5694 Onarheim
Telefon:
53 43 70 00
E-post:
post@tysnes.kommune.no
Nettside:

Hvor er Kalkomnen på Flakka?