Camping nær Trollstigen og Gudbrandsjuvet i Valldal
Gudbrandsjuvet Camping ligg rundt garden Alstadsæter Oppigarden i Valldal – ein liten og triveleg campingplass med roleg atmosfære, omgitt av mektige fjell og elvesus. Her bur du tett på naturen, med elva Valldøla og fossen Gudbrandsjuvet som næraste naboar - i hytte, telt, glampingtelt eller bubil – med kort veg til Trollstigen, Valldal sentrum og Geiranger.
Overnatting for alle – frå glamping til telt
Campingplassen har eit breitt utval av overnattingstilbod i vakre omgjevnader:
- 8 enkle campinghytter (ca. 9 m²), med sengeplassar til 2–4 personar, kokeplate, kjøleskap, straum og Wi-Fi
- 2 glampingtelt med komfortsenger, kjøleskap, lys, varmeovn og bålpanne – med utsikt mot fossen
- Over 30 oppstillingsplassar for bubil og campingvogn med straumtilgang
- Stort område for telt og hengekøye med tilgang på bålpanner
- Felleskjøkken med steikeomn, mikro, kjøleskap/frys og kaldt/varmt vatn
- Sanitæranlegg med nye dusjar og toalett (2024) – dusj er inkludert i prisen
Friluftsliv og opplevingar i Valldal
Gudbrandsjuvet Camping ligg perfekt til for deg som vil utforske Valldal og omegn. Her kan du gå fotturar i nærområdet, fiske i Valldøla eller følgje pilegrimsruta Valldalsleden. Kort veg til spektakulære attraksjonar som:
- Trollstigen (20 min)
- Valldal Aktivitetspark (10 min)
- Geiranger (1 time)
- Tafjord Friluftsbad (30 min).
Valldal er og kjent som jordbærbygda, og midtsommars kan du smake dei søtaste bæra i landet – rett frå gardane. Med Uteguiden kan du bli med på guida aktivitetar som elverafting, juving og kajakkpadling – perfekte måtar å kome tett på naturen i dalen. Her kan du også bli med på fjellturar i spektakulært terreng, frå skog til tind.
Eller nyt roa ved fossen, ein kopp spesialkaffe på Gudbrandsjuvet Café – og lyden av elva som renn forbi.