Hopp til hovedinnhold

Kvitfella Feriehytter tilbyr to romslege og godt isolerte hytter med alt du treng til ein vellukka ferie - året rundt. I kvar hytte finn du ei stor stove, eit velutstyrt kjøkken, fire soverom med til saman åtte sengeplassar, varmt og kaldt vatn, bad, oppvaskmaskin og vaskemaskin, frysar, internett og parabol-TV med Riks-TV, ei lang rekke norske og utanlandske kanalar. I tillegg er det ein ekstra frysar på tunet for dei som treng fryse ned fisk eller vilt dei har fått under opphaldet. Det er god parkeringsplass ved kvar av hyttene.

Har du lyst å prøve fiskelukka kan du det. I fjorden går det både laks og ørret, i tillegg til meir vanleg fisk som torsk, sei og lyr. Når det er sesong får du også sild og makrell. For deg som leiger hytter på vekebasis, følgjer båt med.

Til kvar hytte høyrer det til ein båt som ligg ved flytebrygga nede ved fjorden. Båtane, ein Øien og ein Pioner, er begge 15 fot og har kvar sin 25hk påhengsmotor med elektrisk start. Redningsvestar høyrer sjølvsagt med, og det er mogleg å leige ekkolodd. Om det vert fangst er det eit rom for å gjere opp fisk på gardstunet, og ein ekstra frysar til kvar hytte om det skulle verte gode fiskedagar.

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • Øvre Sørstranda
  • 6823
Telefon:
E-post:
post@kvitfella.no
Nettside:
www.kvitfella.no

Hvor er Kvitfella Feriehytter