Hopp til hovedinnhold

Sande camping ligg 5 km frå Loen sentrum med idyllisk plassering direkte ved Lovatnet. Dette er plassen for dei som vil bo nær naturen, med god utsikt til vatnet, fjell og fossefall. Her er mange tilbod til den aktive turisten, men også til dei som berre vil slappe av og nyte stillheita og naturen frå hytta eller bobilplassen.

- Oppstillingsplassar for bobil, campingvogn og telt, mange plassar direkte ved
Lovatnet
- Hytter og apartments med fin utsikt
- Resepsjon og kiosk, sal av kioskvarer og litt dagligvarer. Egen avdeling med
kortreiste produkt frå lokale produsentar.
- Kafe som er åpen i høgsesongen
- Sanitæranlegg, i tillegg til hovedavdelingane har vi også familierom og
barnerom. Bruk av dusjar er inkl. i prisen. Felleskjøkken og opphaldsrom,
tilgang til vaskemaskin og tørketrommel.
- Sauna ved Lovatnet
- Badestrand for campingen sine gjestar
- Gratis ørretfiske i Lovatnet
- Utleige av robåtar, kanoar, trøbåt, el-syklar og el-bilar
- Betjent resepsjon frå 1.mai til 30.september
- Onlinebooking for hytter og deler av camping
- Ope heile året
- Miljøsertifisert, Green Key

Like ved campingplassen er det merka turstiar. I nærområdet i Loen, Olden og Stryn finst det mange turtilbod, både lavterskelturar og toppturar med eller utan guide.
Via Ferrata Loen, Loen skylift, Skåla 1448 moh, Kjenndalsbreen, Bødalsæter, Briksdalsbreen, båttur på Lovatnet med M/S Kjenndal II er nokon av det som anbefalast under opphaldet.

Hjertelig velkomne til Sande Camping.


Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • Lodalsvegen 494
  • 6789
Telefon:
+47 41669192
E-post:
post@sande-camping.no
Nettside:

Grønne sertifiseringer

Sande Camping har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
  • Green KeyGreen Key
Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

Hvor er Sande Camping