Hopp til hovedinnhold

Sandeåsen Feriesenter er eit idyllisk feriesenter lokalisert i magiske Lodalen. Feriesenteret er nyoppstarta (juli 2022) . Campingen tilbyr høg standard på både oppstillingsplassar og fasilitetar. Campingen har 46 oppstillingsplassar som overheld ny standard med 4 meter avstand mellom enheitane.

Feriesenteret tar imot bobil, campingvogn, telt og hengekøye.

Feriesenteret har også hytteutleige, alle hyttene har plass til 4-5 personar og held god standard.

I det tilhøyrande servicebygget finn ein store familierom med toalett og dusj, ein finn også eit vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. Det er også her moglegheiter for oppvask.
Servicebygget har også ein kafé, restaurant og bar. Ein kan kjøpe seg god mat og drikke, i høgsesong kan ein også få varme rundstykker og påsmurt i kjøledisken.
Rundt campingen har ein fine turmogelegheiter, ein kan gå toppturen til Skålatårnet direkte frå campingen eller gå 2 minutt frå plassen til ein idyllisk plass kalla Utsikten.

Feriesenteret tilbyr også utleige av forskjellige aktivitetar. Ein kan blant anna leige El-sykkel, kano, båt, SUP brett og hengekøye.

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • Sandsåsen 71
  • 6789
  • Loen
Telefon:
E-post:
post@loen.com
Nettside:
www.loen.com

Fasiliteter

Restaurant:

Hvor er Sandeåsen Feriesenter ?