Hopp til hovedinnhold
Bestill

Høgt over fjorden, med utsikt mot Rosendalsalpane og tindane i Uskedalen, ligg Stigen Fjordlodge – eit tidlegare gardsbruk frå tidleg 1900-tal, no forvandla til ei unik overnattingsperle.

Stigen Fjordlodge bur du i eit nyoppussa våningshus, med god komfort, rustikk sjarm og spektakulær utsikt få andre kan skilta med. Her opnar du vindauga til frisk fjelluft, fjordlandskap og lyden av naturen. På tunet ventar ein privat jacuzzi med fjordutsikt, kanskje Norges mest spektakulære huske hengande frå eit stort eiketre, og fleire hengekøyer du fritt kan bruka – perfekte for ein pust i bakken i eikeskogen med den unike Hardanger-naturen som kulisse.

Frå garden går det skilta sti ned til fjorden, der du finn ein liten, avskjerma rullesteinsstrand og svaberg – ideelt for eit bad, ein piknik, eller berre ein stille time i fjordkanten.

Enten du vil nyta den spektakulære utsikta over Hardangerfjorden, eller utforska ikoniske attraksjonar som Trolltunga, Folgefonna eller Baroniet Rosendal, er Stigen Fjordlodge det perfekte utgangspunktet for ferien i Hardanger-regionen.

Velkomen til Stigen Fjordlodge!

Priser

Hus:
NOK 2 500

Kontakt

Adresse:
  • Skarvatunvegen 289
  • 5637 Ølve
Telefon:
E-post:
stigenfjordlodge@gmail.com
Nettside:
airbnb.no/h/fjordlodge

Fasiliteter

Hytter:
Toalett:
Parkering:
WIFI/Internett:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Stigen Fjordlodge