Hopp til hovedinnhold

Systrond Motell Hyttesenter og Camping ligg ved riksveg 55 - Sognefjordvegen i Leikanger, på den historiske kongsgården Husabø. Den ligg mellom frodige frukthager i solhellinga på nordsida av Sognefjorden, ein halv times køyring vestover frå Sogndal. Systrond Camping har hytter med bad og kjøkken frå kr 850-2000 kr pr natt, motellrom til kr 800 pr natt med bad og kjøkken og enkle campinghytter med tilgang til sanitæranlegg frå kr 600-700 kr pr natt.

Det er også tilrettelagte plassar for campingvogn, bubil og telt. Gjestene har tilgang til eit nydeleg område ved Sognefjorden med badebrygge og sandstrand fem minuttars gange frå campingplassen. Her kan ein låna robåt og kajakk. På badebrygga er det også mogleg å leige tilgang til sauna.

Leikanger er eit flott utgangspunkt for ulike dagsturar til nærområder som Balestrand, Fjærland, Flåm og Luster. Bygda er også omslutta av nydeleg natur og ein kan gå fleire flotte fjellturar i ulik vanskegrad som alle gir nydeleg utsikt over fjorden.

Ved vinterstid er det mogleg å gå spektakulære skiturar med utgangspunkt frå Grindsdalen/Huksdalen ein liten køyretur frå campingplassen.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Husabøvegen 3
  • 6863 Leikanger
Telefon:
+4791819912
E-post:
post@systrondcamping.no
Nettside:
www.systrondcamping.no

Hvor er Systrond Motell Hyttesenter og Camping?