Hopp til hovedinnhold
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
1

Start frå Fugleskjærskaia

Turen startar frå Fugleskjærskaia i Florø. Rutebåten går følgande dagar: Måndag – tysdag – onsdag – torsdag – fredag - søndag kl. 20.00 (du kan óg ta turen på dagtid i skuleferien; måndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 12.00 og laurdag kl. 10.00) . Berre eit steinkast unna Florø sentrum ligg den fantastiske skjergarden med små og store øyer. Få ei magisk oppleving med kveldsruta! Merk at alle stader er det ringestopp. Det vil sei at båten stoppar berre der det er folk som har bestilt på førehand. Følg gjerne med på eit kart for å sjå kvar du er. Praktisk informasjon: Dette oppsettet tek utgangspunkt i at båten køyrer vestover først og avsluttar i nord, dei byter på kva veg dei køyrer. Spør gjerne mannskapet kva veg båten går. Båten blir ikkje liggande til kai så du kan ikkje gå i land, men det er fint å stå ute på dekk og fylgje med. Kanskje får du sett solnedgangen ute i havet. Pris på denne rundturen er om lag 173,- for vaksen og 90,- for born. Det er grupperabatt om det er to eller fleire som reiser saman. Billett kjøper du ombord i båten, som går frå Fugleskjærskaia i Florø.

© Visit FjordKysten
2

Stopp 1 - Færøy

Første stopp på turen er Færøy. Dei to øyane Færøya og Færøykavlen er lenka saman med ei lita bru. Totalt bur det 24 personar her. Her ligg Færøy gard som leverer øko villsaukjøt, øko egg og lammeskinn.

3

Stabben fyr

Hald augene oppe! på din høgre side vil du no sjå Stabben fyr. Fyret er eit av dei mest særprega fyra i landet der det står på eit glatt avrunda skjer midt i skipsleia. Fyret vart bygd i 1866. Fyret har dei seinare åra blitt renovert og det går an å leige det. Stabben har vore bebudd fram til fyret vart automatisert i 1975.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
4

Stopp 2 - Ånnøy

5

Stopp 3 - Nekkøy

6

Stopp 4 - Selvåg

Selvågen ligg aust på øya Reksta. Her er det fint å gå av viss du ynskjer å enten gå Sunnivaleia eller over dei tre fjelltoppane vestover mot Rognaldsvåg. Det er òg kort veg til Trollhola som går 50 meter innover i fjellet. Ingen bur fast i Selvågen.

7

Stopp 5 - Skorpeide

På nordsida av fjorden ligg Skorpa og her er første stopp på Skorpeide. Her ligg det berre nokre få gardar og det er ikkje vegforbinding med resten av øya.

© Visit FjordKysten
8

Stopp 6 - Skorpa

Øya er på 9 km2 og høgste fjellet er Blåkollen på 292 moh. Skorpa er tredje stoppet på Flora Turlag sin «Øyane over». Her blir du satt i land på nordsida og kan velje om du vil gå opp på Blåkollen eller om du vil fylgje stranda rundt. "Øyane over" går i slutten av mai kvart år og er veldig populært. På Skorpa er det 15 fastbuande.

9

Stopp 7 - Rognaldsvåg

Rognaldsvåg er ein typisk fiskarlandsby der sjøbuene ligg tett i tett, og butikken på kaia gjer til at det er eit sosialt miljø i sentrum. Det næraste fjellet er Harefjellet på 220 moh. Omlag 50 menneske bur på øya i dag. Det er ein del ferie- og fritidsboligar på øya. Det er og fleire som leiger ut rom til turistar. Reksta Villsau produserer økologiske spekepølser og villsauskinn. I området her ute var det eit yrande folkeliv i sildetida rundt 1850. Det skal visstnok ha vore så mange båtar her at dei kunne gå tørrskodd mellom Reksta og Skorpa. I sesongen kunne det vere meir enn 20 000 menneske samla ute i øyane her. Det var på grunn av det store sildefisket at Florø vart by i 1860.

10

Stopp 8 - Kinn

Kinn er øya med Kinnakyrkja frå 1100-talet og Kinnaklova. Diverre er det ikkje råd å sjå dette frå båten, om den då ikkje går vest for Skorpa på veg til Fanøy. Ytterst i havet kan du sjå Ytterøyane fyr. På Kinn er det nokre få fastbuande. DNT-hytta og Kinn Gjestehus tilbyr overnatting. Kinn er siste stopp på Flora Turlag sin «Øyane over». Denne turen går rundt øya. På kaia kan du sjå det kvite huset som er bebudd i dag. Fram til rundt 1920 var dette gjestgjevarstad og det var og brukt til skulestove fram til skulen vart bygd litt lenger nord. I pinsehelga i 1808 kom det tre engelske skuter med eit mannskap på 40 inn i sundet og rana med seg to fullasta jekter på veg frå Nordland til Bergen. I skuleferien er det vertskap og opa kyrkje på Kinn. Det er tidebøn i kyrkja kl. 13 og 19.

Åpner kl 09:00
Stengt for sesongen
Les mer
© Visit FjordKysten
11

Stopp 9 - Fanøy

I Fanøyvågen finn du butikken rett ved rutebåtkaia. På øya er det fine turstiar og eit par mindre toppar. På Batalden Ishus som ligg like ved rutebåtkaia leiger dei ut rom i tillegg til at dei har konsertar.

12

Stopp 10 - Batalden

Store Batalden har det høgste fjellet på øyane på 492 moh. På øya er det rorbu-utleige og kunstatelier. Store Batalden er andre stopp på Flora Turlag sin «Øyane over».

© Rodrigo Cordova
13

Stopp 11 - Barekstad

Barekstad ligg på øya Hovden som er den største øya på turen. På nordvest sida av øya ligg Kvanhovden fyr, og nord på øya, i Hovdevågen, finn du Bokfjøsen. Fint turterreng. Rundt 30 personar bur på øya. Hovden er første stopp på Flora Turlag sin «Øyane over». Turen går frå Hovdevågen til Barekstad. På Hovden kan du leige rom.

© Sølvi Bareksten
14

Nærøy

Rutebåten går ofte mellom øyene her. Rutebåtkaia ligg på Tollaksøya der dei fleste bur.

15

Stopp 12 - Villevika

Villevika ligg på fastlandet. Her er det fint å sykle til Botnane og gå diktarstien.