Hopp til hovedinnhold
Dagsturar i Florø

Sykkeltur til Askrova frå Florø

Reis med rutebåten frå Fugleskjærskaia i Florø til Askrova. Her kan du sykle og oppleve spennande attraksjonar før du tek rutebåten tilbake til kystbyen.

Florø

Litt aktiv

6 timer

1

Reis med rutebåten frå Fugleskjærskaia i Florø

Reis med rutebåten som går frå Florø til Askrova, sør for Florø. Du finn informasjon om rutetider i lenka her.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
2

Askrova

Ved kaia der rutebåten legg til er det ein daglegvarebutikk. Til saman er det 9 km med asfaltert veg på Askrova. Terrenget er for det meste flatt mellom ferjekaia og Valvik. Vil du sykle til Hammerseth/Vallestad er det 2 bratte stigningar før du kjem over toppen. Frå øya er det ei storslått panoramautsikt mot hav og omkringliggande øyar.

© Terje Svardahl
3

Trollhola på Askrova

«Trollhola» på Askrova er ei hole frå urtida. Hola er på storleik med ein katedral, og inneheld fleire holegangar, eit vakkert og spennande naturfenomen.

4

Fjelltur til Skaratoppen

Vandre opp til Skaratoppen, 219 meter over havet. Dette er ein fin familitur der du får oppleve flott natur. Det er om lag 50 minutt til toppen.