Hopp til hovedinnhold
Dagsturar i Florø

Tre øyer på ein dag

Reis på øyhopping til øyane utanfor Florø! Her kan du få med deg tre heilt forskjellige øyer på ein dag! Dette er ein tur der du reiser med rutebåt. Sjekk skyss.no for eksakte tider og informasjon. Turen er mogleg å gjennomføre måndag til fredag.

Florø

Rolig

10 timer

1

Florø Terminal

Turen startar med båttur Florø Terminal med turistruta klokka 11.35, og vil ta deg ut til den grøne og frodige øya Skorpa.

2

Skorpa

Første stopp på ruta er øya Skorpa. Her er det fint å rusle langs vegen. Du kan også låne kanoen som ligg ved vatnet, eller nyte utsikta mot øyane Kinn, Ytterøyane og Store Batalden. Båten har avreise frå Skorpa kai klokka 14.55 og går vidare til Rognaldsvågen på Reksta.

Øya Skorpa
© Visit FjordKysten
3

Reksta

Båten går så vidare til øya Reksta der det vil bli eit lite stopp i Rognaldsvågen. Her rekker du å gå forbi butikken og vidare ut til Rognsøya, ein fin stad med gamle sjøhus plassert i vakre omgjevnader. Gå tilbake til butikken og nyt ein kopp kaffi før båten tar deg vidare til Kinn klokka 16.35.

Rognaldsvåg
© Visit Fjordkysten
4

Kinn

Ein kort båttur over Kinnasundet og du er komen til Kinn. Her ute i havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya med Kinnakyrkja og Kinnaklova. Om sommaren er det opa kyrkje med tidebøn. Båten går frå Kinn klokka 20.35/20.45 og du vil vere tilbake i Florø klokka 21.45. Sjekk på appen til skyss.no kva tid båten går den dagen du skal reise.

Åpner kl 09:00
Stengt for sesongen
Les mer
© Visit FjordKysten