Hopp til hovedinnhold
ein person tar eit bilde av at nokon tar eit bilde
© Visit FjordKysten og Sunnfjord
Utforsk Førde – Tips til dagsturar

Fotovandring i Førde

Utforsk Førde gjennom kamera­linsa på ei fotovandring som kombinerer kunst, arkitektur, natur og byliv.

Førde

Rolig

2 timer

1

Frå Elvetorget til Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Turen startar frå Elvetorget der du vandrer mot Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Museet presenterer skiftande utstillingar som spenner frå lokale talent til internasjonalt anerkjende kunstnarar – alltid noko nytt å sjå! Bygget er også veldig fotoyndigt!

Åpner kl 11:00
Les mer
© Visit FjordKysten og Sunnfjord
2

Refleksjonar frå brua

Fang elva, lyset og speglingane frå ei av bruene i Førde. Her møter du elva og byens refleksjonar i ei vakker og harmonisk ramme.

© Visit FjordKysten og Sunnfjord
3

Fotostopp ved Torsheim-statuen

Når du vandrar gjennom Førdeparken, meiner vi det er obligatorisk å stoppe ved Oddvar Torsheim-statuen. Kunstnaren vaks opp på Rovde og i Naustdal, og busette seg seinare i Førde. Torsheim er ein norsk målar, teiknar og grafikar, kjend for sine satiriske og særprega verk som har sett varige spor i norsk kunstliv.

© Visit FjordKysten og Sunnfjord
4

Nyt parken i Førde og fang yndige motiv

Langs Førdeparken finn du fleire små, yndige motiv og stopp som er verdt å fange med kamera. Ta deg tid til å sette deg på ein benk og nyt naturen og stilla rundt elva, før du vandrar vidare. Neste stopp er ved endå ei bru – eit perfekt fotopunkt for å leike med linjer, perspektiv og bakgrunnen av fjella. Her kan du få kule og stemningsfulle bilde, anten du tek portrett eller landskap.

© Visit FjordKysten og Sunnfjord
5

Utsiktspunktet Vidsyn

Vidsyn er eit moderne utsiktspunkt som gir deg ein spektakulær panoramavy over fjord, fjell og dalar rundt Førde. Staden er meir enn berre utsikt – det er også ein kunstnarisk installasjon skapt av Jan Freuchen, utforma som ein stor sirkel i betong. Her kan du setje deg ned, puste ut og la kunsten forsterke opplevinga av landskapet. Vidsyn smeltar saman natur og kunst på ein unik måte, og er eit perfekt siste stopp for å avslutte fotovandringa med både ro og inspirasjon.

© Visit FjordKysten og Sunnfjord
6

Shopping og byliv

Etter opplevinga på Vidsyn kan du vandre tilbake mot sentrum. På vegen er det fint å ta ein stopp ved Elvetorget og Alti. Her kan du la kamera kvile litt og heller nyte bylivet – enten med ein kopp kaffi, ein matbit eller kanskje litt shopping før du avsluttar turen.

© Visit FjordKysten og Sunnfjord