Hopp til hovedinnhold
© Lillian Herland
Dagsturar i Solund

Fjelltur opp på Ramnenipa

Vandre opp til Ramnenipa, 232 moh. Her får du ein fantastisk utsikt over Hardbakke og øyane rundt. Ein tur som passar heile familien

Solund

Litt aktiv

2 timer

1

Ramnenipa frå idrettsbana

Frå butikken på Hardbakke går du opp mot idrettsbana. Her finn du ein sti som tek deg heilt opp til toppen. Løypa har grøn gradering og tar ca. 1 time opp og ned.

© Lillian Herland
2

På toppen av Ramnenipa

På toppen av Ramnenipa har du fantastisk utsikt over Hardbakke og Solund. Du kan enten velge å gå ned same veg, eller å gå ned i løypa som vender mot nord. Denne løypa har raud gradering

© Lillian Herland
3

Ramnenipa rundt

Ønskjer du ein lenger tur kan du gå Ramnenipa rundt. Turen startar opp ein grusveg nedanfor idrettsbana, skilta Ramnenipa rundt. Turen er 5 km og du brukar rundt 2 timar. Stien er godt rydda og er utan store stigningar. På nordsida av Ramnenipa følgjer stien den gamle ridevegen mellom Hop og Hardbakke. Ridevegen var den fyrste, og lenge den einaste, offentlege vegen i Solund. Turen kan vere eit godt alternativ på vindfulle dagar, då deler av den går i skog.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord