Hopp til hovedinnhold
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Dagsturar i Solund

Vandretur til Dagsturhytta - Sognesjøhytta

Dagsturhytta i Solund ligg på 15 moh. og er eit lågterskeltilbod som passar alle som ynskjer ein lett tur.

Solund

Litt aktiv

2 timer

1

Vandretur frå Hardbakke senter

Frå Hardbakke Senter går du mot nye idrettshuset på Hardbakke. Like før ser du skiltet som peikar opp ein grussti. Følg grusstien nesten til endes til du kjem til eit skilt med dagsturhytta på. Her startar turen.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
2

Halvvegs til dagsturhytta

Det første stoppet du kjem til eit halvvegs til dagsturhytta. Her finn du ein turbok du kan skrive namnet ditt i. Ved boka står det også eit faktaskilt om geologien i Solund. Det er fint å nyte utsikta over vatn og fjell frå stoppet.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
3

Frå halvvegs boka til Sognesjøhytta

Etter boka om lag halvvegs i turen vandrar du vidare ut mot Sognesjøhytta. Langs vegen finn du fleire faktaskilt om konglomeratet i Solund. Turen har også 16 flotte segment med sherpasti og trapper slik at du kan gå tørrskodd over dei våtaste partia. I områda mellom segmenta er det framleis mogleg å bli våt på sokkane om ein ikkje trår forsiktig når terrenget er fuktig. Frå halvvegs boken tek det om lag ein halvtime.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
4

Sognesjøhytta

Frå Sognesjøhytta kan du nyte eit flott utsyn over Sognesjøen. Hytta er plassert 15 meter over havet. dagsturhytta eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.

© Visit FjordKysten