Hopp til hovedinnhold

Padling

Det unike kystlandskapet er som skapt for padleturar i kano og kajakk. Her kan du ta deg ein roleg padletur i skjergarden, eller du kan ta kajakken med deg og utforske nokre av dei mange hundre øyane i Fitjar og Bømlo. Om vinteren når det er høgtrykk er det stort sett stille og fint på havet. Med rett utstyr kan du nyte ein frisk padletur litt utanom det vanlege.

Klikk her for tips til vinterpadling.

Tips til leige av kajakk og kano:

Fjordcruise

Opplev naturen langs kysten og besøk skjulte perler med båt i Sunnhordland. Frå Bømlo kan du ta med deg familie og vener på fjordcruise med MS Venemøy langs små kystbygder og vidare mellom øyar og skjer ut mot havet.

Åkrafjorden Oppleving tilbyr fjordcruise i sesongen juni-september til Langfoss i Etne, som er kåra av CNN Travel til eit av verdas flottaste fossefall. Dei har også turar for grupper – tilpassa dine ønske –med båten MS Stein Viking i perioden april-oktober.

Kystoppleving med MS Venemøy tilbyr skreddarsydde turar for grupper året rundt, og har faste turar under kystoppleving i heile juli måned.

Fjordcruise

Fjordcruise med MS Venemøy langs skjergarden i Sunnhordland

Ynskjer du meir fart og spenning, kan du prøve rib-båt. Olaskjeret - Austevoll opplevelsessenter arrangerer både fartsfylte og rolege turar i skjergarden i Austevoll for grupper. Dersom du vil ta turen til Slåtterøy fyr på Bømlo med båt eller rib-båt kan du kontakte Brandasund Kultur & Fritid. Begge aktørane tilbyr turar for grupper året rundt.

Ei flott oppleving for heile familien er å besøke Engesund Visningssenter på Fitjar. Du vert henta med rib-båt på kaien i sentrum og køyrd ut til visningssenteret. Der ute får du sjå korleis dei driv oppdrett av laks. Kafeen er open heile sommaren, og elles i året kan du førehandstinge lunsj.

Fiske

Du er garantert ei frisk oppleving når du drar på fisketur utanom sommarsesongen.

Bekkjarvik Gjestgiveri på Austevoll tilbyr guida havfiske for mindre grupper med erfaren guide.

Ynskjer du å fiske nærare land, mellom holmar og skjer i Austevoll, kan du kontakte Olaskjeret - Austevoll Opplevelsessenter. Dei tilbyr blant anna fiske med teine- og garnhaling, fiskesnøre- og stang. I Sveio kan me anbefale Ålfjorden dersom du ynskjer å fiske på eiga hand. Til Camp Ålfjorden kjem gjestene attende år etter år for å fiske.

På Tysnes kan du bli med på sjøfiske eller djupvatnfiske. Der arrangerer Tysnes fiskeguiding i perioden april -oktober både kurs og skreddarsydde fisketurar for inntil 4 personar. Fiskeguiden deira Micha har heile 25 års erfaring og veit om dei gode fiskeplassane!

Fiske