Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Sport og utendørsaktiviteter

Kjenn trykket frå fossane på nært hald

vår, sommer, høst
Sist oppdatert: 13.05.2025
© Oddgeir Visnes / TIBE
© Oddgeir Visnes / TIBE

Vil du oppleve vill natur frå eit nytt perspektiv? Tafjorden har mildt klima og har fleire gonger vore på lista over norske og skandinaviske varmerekordar. Her får du perfekte forhold for å oppleve heftige fossefall og skjulte perler – ståande på fjorden!

Britt-Ingunn Tafjord Valle er dagleg leiar i Ræin Adventures og gjer SUP-bretta klare for det ho kallar ein «klassikar» av ein tur på Tafjorden.

- Fjorden her inne er veldig skjerma for vind og vêr. Samstundes er vi kjent for varmt klima som gjer Tafjorden til ein ideell plass å halda på med SUP, fortel ho frå fjøresteinane.

For den uerfarne kan det ved første augekast verke som ei umogleg oppgåve å stå på eit brett midt på fjorden. Heldigvis er SUP litt som å sykle når du først har funne balansen, og med god hjelp frå Britt-Ingunn er resten som ein leik.

- Ein blir fort trygg på brettet, og får god hjelp av at det som regel er svært roleg sjø her inne. Det er også lite ekstern trafikk, smiler ho.

© Oddgeir Visnes / TIBE

Kjenn trykket på kroppen

SUP-bretta gir moglegheit for å oppleve naturen på ein heilt ny måte, og det ingen tvil om at ein kjem tett på. Guida tur med Ræin tek deg med på naturopplevingar du ikkje ville fått frå land. Sjølv om du held deg tørr på beina, kan du likevel bli litt fuktig i luggen:

I dag padla vi ut frå kaia i Tafjorden og sikta oss inn på fossen «Slufsa», som er ei kul naturoppleving der du kjenner trykket på kroppen, fortel ein engasjert dagleg leiar.

Britt-Ingunn jobbar også som guide i Ræin, og tek med besøkande over fjorden der ho deler spennande historier og lokalkunnskap undervegs i naturopplevinga.

- Vidare padlar vi under ein overhengande hammar som er kjent for å vera ein plass ein gøymde seg under når det var uvêr på fjorden før i tida. Så kryssar vi fjorden til Årøldalselva, som er ein fin badeplass.

- Her kan ein hoppa ut i fjorden frå ulike nivå i fjellet, og ein kan gå eit stykke oppover langs fossen.

Opplevelser i Tafjord

Tafjord Friluftsbad

Tafjord Friluftsbad

Tafjord Friluftsbad ligg idyllisk plassert ved fjorden og tilbyr oppvarma symjebasseng

Ville Krefter - Kraft- og skredsenter

Ville Krefter - Kraft- og skredsenter

Besøk det gamle Kraftverksmuseumet i Tafjord som no er ombygd til et spennende Kraft og Skredsenter: Ville Krefter. Her finner du fleire familievennlige aktiviteter som innendørs klatring, escape rooms og ein ekstrem høg rappell.

Rappellering og Via Ferrata på Zakariasdammen

Rappellering og Via Ferrata på Zakariasdammen

Velkommen til ett av Norges råeste rappeller, en aktivitet som både gir store naturopplevelser og mestring! Den 100 meter høye Zakariasdammen i Tafjord er en av Norges høyeste organiserte rappeller.

Ekte kjærleik

Ræin tilbyr guida turar heile året, og har base blant dei høgaste fjella i Møre og Romsdal. Med verdssarvsfjorden rett utanfor stuedøra satsar dei både på bratt friluftsliv, men også lågterskel- og enklare turar der ein kan ta med seg heile familien. Den erfarne guiden og dagleg leiar i Ræin fortel om eit heilt spesielt band til naturen i området.

- I Tafjordfjella kan du gå tilnærma åleine i urørd natur, og fjella er særleg kjent for å vere fredfulle der kjærleiken mellom menneske og natur kan blomstre, smiler Britt-Ingunn.

Tafjord er nabofjorden til Geiranger, og ligg ca. 1,5 time frå Ålesund og 1 time frå Åndalsnes. Ræin har base ved foten av Reinheimen nasjonalpark og Tafjordfjella. Dette har inspirert til firmanamnet.

- Vi har rein natur og rein energi i Reinheimen nasjonalpark, og vi satsar på å levere så reine produkt som mogleg, fortel ho.

Overnatting

Petrines Gjestgiveri

Petrines Gjestgiveri

Velkomen til Petrines Gjestgiveri. Lengst inne i Storfjorden har vi gode dagar vi gjerne deler med deg og dine.

Valldal Fjordhotell - by Classic Norway Hotels

Valldal Fjordhotell - by Classic Norway Hotels

Valldal Fjordhotell ligger midt i Valldal sentrum kun få meter fra den utløpet av den lakseførende elva Valldøla. 

Kilsti Compact Lodge

Kilsti Compact Lodge

Kilsti Compact Lodge har fire unike designhytter med panoramautsikt mot Storfjorden. Det vakre stedet ligger mellom Geiranger, Ålesund og Trollstigen.

Autentisk bygd

Når du kjem til Tafjorden er det mange som seier at det er som å reise tilbake i tid. Her får du det meste for deg sjølv, og kan ta deg god tid til å nyte naturen.

- Folk opplever Tafjord som ei veldig autentisk bygd. Vi er ikkje prega av masseturisme. Det gjer at det er svært stille her, og du får oppleve ein roleg dag med gode naturopplevingar utan hastverk eller kø, seier Tafjord Valle.

Alt mellom bakkar og berg ut med havet

Møre og Romsdal er verdenskjent for sin spektakulære natur. Hit kommer både Hollywoodregissører, backpackere, nyfødte og hundreåringer. Her får du en oversikt over noe av det du kan oppleve.

Finn ut mer

Relaterte artikler

Molladalen - Noregs Patagonia

Molladalen - Noregs Patagonia

På Sunnmøre i Møre og Romsdal finn du Molladalen, eit helt spesielt fjellområde.

Hele Norges fjelldorado

Hele Norges fjelldorado

Møre og Romsdal er kjent for sine fjorder og fjell. Her er mastodonter som Slogen, Romsdalshorn, Innerdalstårnet og populære Romsdalseggen. Samtidig byr regionen på massevis av turopplevelser som både gir fjellfølelse og god utsikt – uten behov for klatretau og gnagsårplaster.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement