Hopp til hovedinnhold

I VG er Stranda blitt kåra til Norges pudderparadis og best i landet for køyring i laussnø. I skimagasinet «Friflyt» har Strandafjellet skisenter blitt kåra både til årets skistad og til folkets favoritt. Dagens Næringsliv kåra også Strandafjellet skisenter blant dei ti mest komplette skistadane i landet. Strandafjellet lever opp til disse utmerkingane, og vel så det.

Gondolheis til 1062 moh

Stranda har sia opninga i 1957 vore ein populær utfartsstad for å køyre på ski i Møre og Romsdal, og merksemda omkring Strandafjellet vakna verkeleg etter at den 2.100 meter lange Roaldheisa opna i 2012.

Gondolen fører folk til toppstasjonen på 1.062 moh på sju minutt, og passasjerane er både dei som vil køyre i preparerte løyper, få ein «flying start» til ein topptur vidare innover i fjellet, vil ete i restaurant Fjord Panorama eller berre vil nyte utsikta. Og utsikta er verkelig spektakulær. Frå endestasjonen kan ein i fugleperspektiv nyte ei 360 graders utsikt over Storfjorden, UNESCOs verdsarvområde og fjordbygda Stranda.

En topp attraksjon for store og små skientusiastar

Sju skiheisar i ulike lengder, ein gondol, 18 nedfartar, tre restaurantar, barnepark og terrengpark er berre noko av det Strandafjellet har å by på for alt frå barnefamiliar til den såkalla skibomsen. Snøproduksjonsanlegget i skisenteret sørger for at Stranda er snøsikkert, og delar av anlegget har flomlys, slik at du kan kose deg i bakken også på kveldstid. For den som vil gå langrenn, kan ein glede seg over at skisenteret har totalt 25 kilometer preparerte turløyper og eit fantastisk turterreng.

I desse omgjevnadene er det Oscar Almgren jobbar som guide og instruktør for toppturar og frikjøring. Etter at han utdanna seg til villmarksguide i den populære skibyen Åre i heimlandet Sverige, er det Stranda som har vore bustaden dei siste åra - litt til og frå.

- Vel, eigentleg er det at Stranda er svært snøsikkert som gjorde det aktuelt for meg. Men eg fekk i alle fall tilbod om jobb i skipatruljen i Strandafjellet. Eg hadde eit eige firma i Sverige då eg flytta, og målsettinga på sikt var å kunne starte opp eit firma her også, seier Almgren. Det gjekk fint, og i dag driv han Midt-Norges største guideselskap Uteguiden på Stranda. Selskapet har spesialisert seg på å skreddersy opplevelser på Sunnmøre og Nordvestlandet, og vant i 2018 Innovasjon Norges reiselivspris.

> Kjøp heiskort på nett, du slepp billettkø og kan dra rett i bakken

Daglig leder Oscar Almgren i Uteguiden, som i 2018 vant Innovasjon Norges reiselivspris.

Beste offpistanlegg i Skandinavia

Den friluftselskande svensken meiner det er mykje som er bra med Stranda. Dels er det at det er så korte avstandar mellom alt. Alt er så konsentrert, som det er på mange små plassar. Å ha eit av dei beste anlegga for offpist i Skandinavia rett bak huset der vi bur, er rein luksus. Også om ein ser bort frå skitrekket er det mykje bra. Her er det så mange moglegheiter til å vere aktiv ute, og ein kan jo gå «hur många toppturar som helst», seier Almgren. I Stranda bur han med sambuaren og dei to borna Wilma og Elias.

Vil ikkje ungar køyre offpist?

Almgren meiner at ein liten unge i huset ikkje treng legge ein dempar på skigleda for dei vaksne. Slik han ser det, er det stilige med Strandafjellet nettopp kombinasjonen av tilbod for typiske skientusiastar, og for dei som kjem med ungar. - For det første vil eg hevde at det ikkje er noko som tyder på at kidsa ikkje liker å køyre off-pist. Men her i Stranda er det fine og trivelege barneområde rundt heisen, og der blir det også servert bra mat.

Ettersom det er så mykje lett tilgjengeleg off-pist, er det enkelt å vere mykje saman med borna samtidig som ein tek seg av dei. Dersom ein har lyst til å sleppe seg laus, kan dei som vil køyre off-pist i 30 minutt, medan dei andre gjer noko anna. Då blir alle glade, rådar Almgren.

Les mer