Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Sport og utendørsaktiviteter

Pudderparadis med fjordutsikt. Toppturar på Sunnmøre

Vinter, vår, haust
Sist oppdatert: 24.01.2025
Skikjøring med fjordutsikt
Episk pudder med fjordutsikt på Strandafjellet|© Håvard Myklebust
Episk pudder med fjordutsikt på Strandafjellet|© Håvard Myklebust

Når «nordvesten» kjem inn over fjella på Sunnmøre legg snøen seg som pudder over landskapet, og gjer om heile regionen til eit gedigent leikeland for dei skiglade.

«Nivået på skikøyringa til folk varierer mykje. Difor er det bra å ha guide. Guiden sørgjer for at gjestene får den beste skikøyringa tilpassa sitt nivå,» seier guide Oscar Almgren. Han og dei andre guidane kan fjellområda inn og ut, og veit både korleis ein kjem best til klassikarane, og kva skjulte perler dei kan vise fram til deg og turfølgjet ditt. «Iblant trur folk ein må vere ekspert for å vere med. Det er absolutt ikkje tilfelle,» legg Oscar til.

Oscar er der han kosar seg mest, i fjellet, på tur med folk som guide.
Oscar er der han kosar seg mest, i fjellet, på tur med folk som guide.|© Uteguiden

I meir enn ti år har Oscar drive Uteguiden. Firmaet tilbyr opplevingar mellom dei djupe fjordane og spisse tindane i regionen. «Ein guide veit akkurat kva som skjer og når det skjer,» seier Oscar. Han fortel at han og dei andre guidane gjerne planlegg og legg til rette for fleire opplevingar enn berre tur på ski. Guidane kjenner ikkje berre naturen og vêret. Dei kjenner også kulturen, regionen og maten i området.

Desse kan syne deg vegen

Topptur

Topptur med ski på Sunnmøre - Uteguiden

Drømmer du om å stå på ski i Sunnmørsalpane? Da er topptur på Sunnmøre med Uteguiden noe for deg.

Person med ski på vei opp hvitkledde fjellsider, men Sunnmørsalpene og de taggede fjelltoppene i bakgrunnen.

Hjørundfjorden rundt med Sunnmøre Mountain Guides

Bli med på en spektakulær toppturuke rundt Hjørundfjorden – et av Norges mest imponerende fjordområder!

Topptur på ski i Sunnmørsalpane

Guida topptur på ski i Sunnmørsalpane - Ræin Adventures

Sertifiserte og lokale guidar frå Ræin Adventures tar deg med på toppturar i Sunnmørsalpane med fjordutsikt og natur i verdsklasse.

Skikøyring nær byen, med fjordutsikt

Fire skikjørere når toppen av fjellet og du kan se fjorden og bygda Sæbø i bakgrunnen.
Guiden tilpassar turen vêret, føret og erfaringa til deltakarane.|© Stærk film

Det er lett å forstå at fjellområdet på Sunnmøre blir kalla Sunnmørsalpane. Dei skyt rett opp frå havet og fjorden, og i spisse tindar. Nær jugendstilbyen Ålesund, der du kan fly rett inn til Vigra, ligg fleire moglegheiter til å stå på ski og sjå på fjorden samtidig.


Det største og mest kjende skianlegget er Strandafjellet Skisenter. Her kan du stå på ski midt i fjordlandskapet. I nabobygda, Sykkylven, finst også nokre skjulte skiperler i morosamt terreng for både den utrygge og den erfarne skikøyraren.

Midt i Sunnmørsalpane

Du kan også fly rett til Ørsta/Volda. Her er det mange moglegheiter til toppturar, for nybyrjaren, utfordraren og proffkøyraren. For den vågale kan du også vere deltakar på den årlege ekstremsportfestivalen X2 der frikøyringskonkurransen er høgdepunktet. Området trekkjer også til seg fleire skiglade menneske under festivalane Sunnmørsalpane Skifestival og Stranda Skifestival.

Båten frakter skikjørere fra Sæbø til Hjørundfjorden for å finne god snø og fine skiturer.
Ta båt til skituren i Hjørundfjorden.|© Stærk film

Med skisenter, toppturar nær bygdene og ikkje minst den storslåtte Hjørundfjorden er området ein god base for å leike seg med ski i fjella. Her kan ein ta kortare toppturar, eller bli gå Hjørundfjorden rundt over ei heil veke med dyktige, sertifiserte guidar. Husk å alltid tenke sikkerheit!

Alpepass – ni gongar så mykje snø

Det er fleire alpinsenter i regionen, for dei dagane du ikkje har guide på tur. Det varierte terrenget og klimaet gjer at det alltid er eit skisenter med god snø rundt ein fjelltopp og inn ein fjord. Med eit Alpepass kan du besøke heile ni skisenter i regionen med eitt einaste skikort.

Les meir om Alpepass
Skikjøring med alpepass
Deilig pudder på Ørsta Skisenter|© alpepass.no

Sov godt mellom toppturane

Det er mange høve til å sove godt i fjordbygdene og fjellgrendene på Sunnmøre. Ved Strandafjellet har du fleire alternativ til overnatting, både hotell, hytter og flotte leilegheiter. Midt mellom Sunnmørsalpane ved Hjørundfjorden kan du velje mellom sjarmerande hotell tett på fjorden eller meir sentralt beliggande i Ørsta.

Sagafjord Hotel på Sæbø

Sagafjord Hotel - By Classic Norway Hotels

Det lille koselige hotellet på Sæbø ved Hjørundfjorden. For store opplevelser midt i de mektige Sunnmørsalpane.

Hotel Union Øye ligger idyllisk til.

Union Øye

Det fortryllende hotellet ved fjorden.

Havila Hotel Ivar Aasen

Havila Hotel Ivar Aasen

Havila Hotel Ivar Aasen er lokalisert i Ørsta sentrum ved Ørstafjorden, omkransa av dei majestetiske Sunnmørsalpane. 

Overnatting i Sunnmørsalpane

Dreges Hotell – by Classic Norway Hotels

Dreges Hotell – by Classic Norway Hotels

Dreges Hotell ligger i Stranda, midt i Sunnmørsalpane ved inngangen til Geirangerfjorden, i vakker natur som innbyr til både aktivitet og ro.

Koie

Koie

Koie skal være ditt fristed ved fjorden. Det er plassen for deg som vil være tett på naturen, for deg som vil koble helt av og finne roen.

MIVO - hytter og leiligheter på Strandafjellet

MIVO - hytter og leiligheter på Strandafjellet

På Strandafjellet kan du bo i premium leiligheter eller eksklusive hytter og nyte frisk luft og den gode fjellhyttefølelsen hele året.

Fleire opplevingar på Sunnmøre

Heile Sunnmøre byr på fleire opplevingar. Både Jugendstilbyen Ålesund og Geiranger er verdt ein omveg ein dag du ikkje susar nedover fjellsidene i Sunnmørsalpane.

Utforsk Sunnmøre – Ålesund & Geiranger

SVAI Sauna Molja- Ålesund

SVAI Sauna Molja- Ålesund

SVAI Molja er en flytende badstu midt i Ålesund ved Brosundet med fantastisk utsikt til havet, Molja fyr og byfjellet Aksla. Her kan du bade i sjøen året rundt.

Bryt Tapasbar

Bryt Tapasbar

Sunnmørsk lokalmat møter spansk matkultur på Bryt Tapasbar. Lave skuldre og sultne mager.

Fjordcruise Ålesund - Geiranger - Ålesund (rundtur)

Fjordcruise Ålesund - Geiranger - Ålesund (rundtur)

Dagstur med fjordcruise frå kyst til verdsarvfjord – med fossar som Dei sju søstre, Friaren og Brudesløret, og utsikt til fjordgardar og Geiranger på sitt vakraste.

Inspirasjon: Vinteren gir fjellet adrenalinkick og fjorden hvilepuls
visitalesund.no

Relaterte artikler

Skieventyret er bare en togtur unna. Toppturer i Romsdalen

Skieventyret er bare en togtur unna. Toppturer i Romsdalen

I Romsdalen kan du kjenne hvor massivt fjellandskapet er. Store, bratte og dramatiske fjell venter deg når du går av toget på Åndalsnes. Eventyreren kan pakke sekken og leke seg med alle mulighetene. Den trygghetssøkende kan kose seg med lange og åpne nedkjøringer.

Alpine topper og lange nedkjøringer. Toppturer på Nordmøre

Alpine topper og lange nedkjøringer. Toppturer på Nordmøre

Nordmøre var lenge ei ukjent perle for mange skikjørere. I dag kan guidene vise deg et tosifret antall toppturer på over 1 800 høydemeter og med spesielt lange nedkjøringer.

Ein guide til jugendstilen i Ålesund

Ein guide til jugendstilen i Ålesund

Bli med på ei vandring gatelangs i jugendbyen og oppdag den unike arkitekturen i Ålesund.

Unik overnatting i Møre og Romsdal

Unik overnatting i Møre og Romsdal

Er du en som søker unike ferieopplevelser – også på natta? Her får du tips om helt spesielle overnattingssteder i Møre og Romsdal, enten du elsker lun luksus eller rå natur. Eller kanskje helst en kombinasjon av disse! 

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement