Denne reisa byr på kontrastar – frå kyst til fjord, frå opne hav til tronge fjordar, frå moderne byliv til stille natur. Og det aller beste? Alt dette får du oppleve på ei behageleg båtreise, berre len deg tilbake og nyt.
Båttur til Geirangerfjorden – ei reise gjennom fossar og fjell
Turen frå Ålesund til Geiranger tek deg frå kyst til fjord – gjennom tronge sund, opne fjordarmar og mektige fjellformasjonar. Du seglar inn Storfjorden og vidare inn i Geirangerfjorden, eit UNESCO-verdsarvområde kjend for sitt spektakulære landskap og sine ikoniske fossar.
Ombord kan du nyte utsikta med ein kopp kaffi og høyre på audioguide som fortel om historie, natur og kultur langs ruta. Undervegs passerer du både små bygder og kjende attraksjonar – fossar som stuper ned frå fjellsidene og formar landskapet Geiranger er verdskjent for.
Det er nettopp kombinasjonen av urørd natur, levande kulturhistorie og dramatiske fjell og fossar som gjer Geirangerfjorden til eit naturleg høgdepunkt – og ei oppleving du seint vil gløyme.
Ting å gjere i Geiranger
Vel framme i Geiranger har du 2-3 timar til å utforske den vesle fjordbygda. Du kan bli med på aktivitetar som guida turar til utsiktspunkt som Flydalsjuvet eller Dalsnibba, rusle langs fjorden, besøke Norsk Fjordsenter, gå Fosseråsa eller berre nyte ei roleg stund ved vasskanten. Eller leige deg ein sykkel, kajakk eller bil for å utforske på eiga hand. Sjekk ut fleire ting å gjere i Geiranger.
Om du ønskjer å utforske meir, kan du bli verande til neste dag og ta neste båtavgang tilbake til Ålesund. Med fleksible billettløysingar, er det lett å tilpasse opplevinga slik det passar for deg.
Praktisk informasjon
- Avreise frå Tollbugata 2 i Ålesund (Skansekaia) – møt opp minst 15 min før avgang
- Sitteplassar både inne og ute
- Salong, toalett og utvendig soldekk
- Kiosk med sal av lette forfriskingar
- Eigna for barnevogn og eit begrensa antal rullestolar - Ledsagar gratis mot framvisning av dokumentasjon
- Syklar og bagasje kan takast med utan ekstra kostnad
- Kjøp billett online for garantert plass - Boarding 30 minutt før avgang, og stenger 10 minutt før avreise
- Last ned gratis Audioguide her, og følg instruksjonene for å få din guide til denne turen.
Vintercruise
Denne turen går og om vinteren, men då med eige opplegg der turen blir guida av ein Fjord Ranger frå verdsarvsenteret i Geiranger. Turen går ikkje dagleg, men til oppgitte datoar. Les meir om Vintercruise til Geiranger her.