Hopp til hovedinnhold

Ålfotbreen er den vestlegaste og mest havpåverka breen i landet. Breen er 70 kvadratkilometer og strekker seg over kommunane Gloppen, Bremanger og Kinn. Breen kan ein nå frå mange utgangspunkt; mellom anna frå Grøndalen, Svelgen og Ålfoten. Mange kombinerer tur til Ålfotbreen med tur til DNT-hyttene Blåbrebu og Gjegnabu.   

Tryggleik

Ålfotbreområdet er eit krevjande område som krev riktig utstyr og kunnskap. Tilhøva på breane varierer veldig sterkt frå år til år, til ulike tider på året, og avhengig av snømengdene om vinteren og temperaturane om sommaren. Legg ikkje ut på tur aleine og gå alltid med sikring. Brevandring på Ålfotbreen er ein tur for erfarne fjellfolk, og vi vil sterkt anbefale dei mindre fjellvande å gå i lag med ein guide. 

Turbeskriving

Frå rv. 614 følgjer ein bygdevegen gjennom Ålfoten, vidare forbi Førde og til Åskora kraftstasjon, der turen startar ved kaia. Stien oppover er godt merkt. Det er ganske bratt men greitt å gå. Når ein kjem opp over skoggrensa, flatar stien ut og ein går på austsida av Litle Åskorvatnet. Ein er no inne i det særmerkte devonske trappetrinn-terrenget. Trinna, eller hyllene, er høge og mest umoglege å passere. Dei går i hovudsak i aust-vestleg retning. Det er difor naudsynt å finne ei hylle og gå på den. Vidare opp mot Ålfotbreen er det lett, ettersom det er ei hylle som fører mest heile vegen opp til kanten av breen, og i tillegg er ruta merkst. Der fjellryggen sluttar står det ein varde som markerer slutten på turen/merkinga. I varden ligg det ei bok som Keipen Turlag oppmodar turgåarar om å skrive i. Når ein kjem opp til breen, svingar ein austover og går inn på brekulen. Det er om lag 500m å gå på breen, som er flat og med hard snø sommarstid.

Tid: 6 timer og 4 timer ned Lengde: 22km tur/retur

For meir informasjon om andre turar til Ålfotbreen sjå ut.no

Kjelde turbeskriving: Opptur Sogn og Fjordane.  

Brevandring

Det er naudsynt med rett kunnskap og utstyr for å vandre på Ålfotbreen. Breane i Ålfotbreområdet endrar seg frå år til år, avhengig av temperatur og snømengder.

Anbefalt utstyr for brevandring i Ålfotbreområdet

- på turar til fots bør ein minimum vere 5 personar

- gå alltid i tau og bruk isøks

- broddar og eventuelt stegjern må ein alltid ha med, og bruke når det er behov for det 

- broddar treng ein både på is og -

NB viktig!

- på hard, litt skråttliggande snø

Kontakt

Adresse:
  • 6737 Ålfoten
Telefon:
57 74 30 00
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:
www.visitbremanger.no

Hvor er Ålfotbreen?