Apalvikjo badestrand er ei idyllisk strand på austsida av Stord, litt sør for Langenuen, i naturreservatet Hystadmarkjo.
Her er det sett ut benkjer og bord, og stranda er lett å kome til om ein har med barnevogn. I tillegg er det toalett her. 

Du kan nå stranda både frå nord og sør. Anten ved start i båthamna i Sævarhagen eller ved Apply Leirvik på Storhaug. Følg skilting til Hystadmarkjo/Tyneset. Parkering: Gode parkeringsmogleikar ved båe endane av turløypa.

Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Leirvik til Rommetveit eller til Øklandslio passerer etter tre kilometer skilting til Tyneset der ein stig av bussen og går siste stykket ned mot båthamna. Turstien ligg i gangavstand frå regionsenteret Leirvik. Ein går då nordover forbi Leirvik kyrkje og tek til høgre på skilta veg mot Aslaksvikjo. Ein passerer Apply Leirvik, og kjem til søndre innfallsport til Hystadmarkjo.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • 5416 Stord
Telefon:
53 49 66 00
E-post:
post@stord.kommune.no
Nettside:

Hvor er Apalvikjo badestrand?