Hopp til hovedinnhold

Balderssteinen ragar 7,8 meter over marka, er 1,25 meter breid, og er rekna som ein av dei høgaste bautaene i Noreg. Han står svært stødig og går nok langt ned i marka. God organisering og mange personar må ha vore med for å få han på plass.  Ein Bauta reist i Jarnalderen

Balderssteinen står midt på ein stor gravhaug der fleire menneske har vore gravlagde gjennom jernalderen. Haugen er ikkje gjennomsøkt, men i ytterkanten er det funne ei mannsgrav datert til 600-1050 år etter Kr.F., dvs. yngre jernalder. Bautaen har vore reist i samband med ei anna, tidlegare gravlegging.

Kvifor namnet Balderssteinen? 

Tradisjonelt er namnet Balderssteinen knytt til sagaen om Fridtjov den frøkne. Handlinga er lagt til vikingtida, dvs. 800-1050 år etter Kr.f. Vi kan lese at det har vore eit stort hov på ein gard kalla Baldershagen. Det har vorte hevda at dette viser til Baldershagen i Husabø. Vidare har ein meint at namnet Balderssteinen vart til fordi bautaen står på gravhaugen til Fridtjov. Det er usemje om kor vidt innhaldet i sagaen er verkeleg eller oppdikta. Sagaen er nedteikna på Island på 1300 - talet, lenge etter vikingtida. Det er såleis diskutert om baldersnamna i Husabø har vorte til ein gong etter at sagaen om Fridtjov vart skrive. Det finst ikkje kjelder om underbyggjer at Balderssteinen står på grava til Fridtjov eller på ein anna måte har vore knytt til han.   

Kontakt

Adresse:
  • Sognefjordvegen 71
  • 6863 Leikanger
Telefon:
E-post:
Nettside:
leksikon.fylkesarkivet.no/article/0138480a-664f-4c70-89b1-3c1af603a26a/

Hvor er Baldersteinen?