Musikalproduksjonar som Jesus Christ Superstar, Les Miserablés, Chess, Miss Saigon, West Side Story, Evita og Kristina frå Duvemåla i Moster Amfi har saman med Mostraspelet "Kristkongane på Moster" og "I slik ei natt", vore flaggskipa til Bømlo Teater i ei årrekkje. Bømlo Teater har årleg fleire produksjonar i Bømlo kulturhus.
Hos Bømlo Teater kan du oppleve levande scenekunst i eit sterkt lokalt kulturmiljø, bygd på over 50 år med engasjement og frivillig innsats.
Teateret er ein viktig møteplass for teater, musikk, song og dans i Sunnhordland, og byr på framsyningar for både barn, unge og vaksne.
Gjennom året set Bømlo Teater opp store og ambisiøse produksjonar – frå klassiske teaterstykke og folkekomedier til storslåtte musikaloppsetjingar. Fleire av framsyningane blir spelte utandørs og skapar unike kulturopplevingar i spektakulære omgjevnader. Produksjonane er kjende for høg kvalitet, sterke prestasjonar og eit tett samarbeid mellom lokale talent og profesjonelle fagfolk, og trekkjer publikum frå heile regionen og langt utover.