Hopp til hovedinnhold

I Breheimen finn du både nokre av dei mest nedbørsrike og dei mest nedbørsfattige områda i landet. Området spenner frå nesten havnivå til godt over 2 000 m. Landskapet er forma av isbrear, skred og andre geologiske prosessar gjennom hundretusenvis av år. I dag finn du alt ifrå frodige stølsdalar til karrig høgfjell og isbrear, og Breheimen framstår som ein av dei mest varierte nasjonalparkane våre.

Folket som bur kring Breheimen nasjonalpark har gjennom tidene vore sterkt knytte til fjellet, med jakt, fiske, stølsdrift og gjennom ferdsel mellom Aust- og Vestlandet.

Breheimen har i mange år lokka fotturistar inn i fjellheimen. Men mange av turane er blant dei meir krevjande turane i Sør-Noreg, mellom anna fordi området er noko mindre tilrettelagt med stigar, og turisthyttene er stort sett sjølvbetjente. På fottur i Breheimen opplever ein stilla i naturen, med dalar, vidder og tindar. På dei mange stølane kan du møte beitedyr om sommaren.

Kontakt

Adresse:
  • Mørkridsvegen 594
  • 6876 Skjolden
Telefon:
57 69 32 88
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:
www.norgesnasjonalparker.no/nasjonalparker/breheimen/

Hvor er Breheimen Nasjonalpark?